Digihelse

Digihelse er ei kommunikasjonsplattform på Helsenorge.no, der du som mottek heimeteneste kan kommunisere med tenesta.

Kva er digihelse?

Eit trygt og sikkert kommunikasjonsforum for brukar, pårørande og helsepersonell.

På helsenorge kan du:

  • avlysa planlagte besøk eller teneste du ikkje treng
  • sjå framtidige besøk av heimetenesta i kalenderen
  • skriva melding til heimetenesta, Helsenorge.no er alltid open
  • meldingar vert lagra i pasientjournal, slik at du enkelt kan sjå kva du har skreve tidlegare.
  • gje fullmakt til pårørande som kan hjelpa deg og bruka helsenorge.no

Fullmakt:

Ved fullmakt frå brukar kan pårørande få tilgong og hjelpa deg å bruka helsenorge.no. Det er mogleg for pårørande å få tekstmelding eller e-post når heimetenesta har vore på besøk hos brukar.

Her finn du fullmaktsskjema til helsenorge.no

Kven er på helsenorge.no?

  • Kommunehelsetenesta
  • Fastlegar
  • Sjukehus

Kva kostar det?

Tenesta er gratis. 

Du kan og laste Helsenorge ned som ein gratis app til mobiltelefon.

 

For meir informasjon:

Her kan du lesa brosjyra frå helsenorge.no

Til toppen