Middag til heimebuande

Tilkøyrt middag er eit tilbod til deg som ikkje kan laga eller varma deg ferdiglaga middag.

Kven kan få tilbodet?

Heimebuande eldre eller andre personar som på grunn av sjukdom, nedsett funksjonsevne eller andre grunnar ikkje kan laga eller varma ferdiglaga middag sjølv, kan søkja om å få tilkøyrt middag.

Kva tilbyr me:

  • Middagen vert laga av sjukeheimskjøkenet og levert heim til deg
  • Middagen er variert og næringsrik
  • Diettmat vert levert dersom det er medisinske årsaker til det

Kva kostar det:

Du betalar for kvar porsjon du får tilkøyrt.
Her finn du oversikt over prisar og gebyr i Bømlo kommune

Slik søkjer du

I søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du søkjer

Søknadsskjema om middagslevering finn du her   (PDF, 406 kB)

Om nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og senda den med søknaden.

Har du spørsmål eller treng hjelp til å fylle ut søknaden? Ring 53 42 34 70

Send søknad til:

Bømlo kommune
Tenestekontoret
Leirdalen 25
5430 Bremnes

Meir informasjon

Til toppen