Miljøteneste

Miljøteneste er eit tilbod til deg som treng praktisk og personleg hjelp i dagleglivet sine gjeremål. Målet er at du får muligheit til å leva og bu sjølvstendig og ha ei aktiv og meiningsfull tilvære saman med andre.

Kven kan få tilbodet?

Alle som bur eller mellombels oppheld seg i Bømlo kommune og som har ei funksjonsnedsetting grunna fysisk eller psykisk sjukdom, utviklingshemming eller rusutfordringar.

Kva kan du få hjelp til?

  • Hjelp til sjølvhjelp
  • Hjelp til å bu og organisera eige liv
  • Tilrettelegging, råd og rettleiing slik at du kan meistra oppgåvene sjølv
  • Praktisk og personleg bistand
  • Nødvendig helsehjelp

For å motta miljøteneste må du delta ut frå eigne føresetningar. Du må vera tilstade når tenesta vert gitt og delta saman med den som gir deg hjelp.

Slik søkjer du

I søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du søkjer.

Søknadsskjema om miljøteneste finn du her (PDF, 375 kB)

Om nokon hjelper deg med å fylla ut søknaden må du samstundes fylla ut ei skriftleg fullmakt og sende den med søknaden.

Send søknad til:

Bømlo kommune
Tenestekontoret
Leirdalen 25
5430 Bremnes

Kva kostar det?

Praktisk bistand er ei betalingsteneste og husstanden si samla inntekt avgjer kor mykje du må betale.

Opplæring er gratis.

Eigenbetaling pleie- og omsorgstenester

Kor kan du får meir informasjon?

Har du spørsmål eller treng hjelp til å til ut søknaden? Ring 53 42 34 70

Korleis blir søknaden behandla og kor lang tid tek det?

Det er Tenestekontoret som behandlar søknaden din. Dei tek kontakt med deg for å avtala eit heimebesøk for å snakka med deg om ditt hjelpebehov.

Tenestekontoret sender deg eit vedtak etter heimebesøket. Om søknaden ikkje kan avgjerast innan fire veker, får du ei skriftleg melding om grunnen til det. 

Kan du klaga om du ikkje får innvilga søknaden?

Du kan klaga på vedtaket innan fire veker frå du fekk brevet. Grunngje kvifor du klagar. Treng du hjelp til å skriva klagen? Ring oss på telefon 53 42 34 70

Aktuelle lover og forskrifter 
Helse og omsorgstjenesteloven
Pasient og brukerrettighetsloven
Forskrift om egenandel for kommunale helse og omsorgstjeneste

Til toppen