Helsenorge - di helse på nettBømlo kommune legg til rette for at du som innbyggjar enkelt og digitalt kan kommunisere trygt med helsetenestene våre. Helse- og omsorgstenestene har brukt Helsenorge-løysinga Digihelse sidan 2018. Alle legekontora våre nyttar Helsenorge til timebestilling og kommunikasjon etter at legetenesta vart heilkommunal i år. Helsestasjonen startar opp med løysinga DigiHelsestasjon i haust. DigiHelse DigiHelse gjer at brukar (over 18 år) og pårørande som har aktive kommunale tenester kan kommunisere digitalt med helsepersonalet via helsenorge.no Dei tilsette i kommunen nyttar Digihelse i eige journalsystem. Digihelse Filmsnutt - Kommunale helsetjenester på helsenorge.no - YouTube Digihelse Filmsnutt - Christian, en bruker av kommunale hjemmetjenester på nett - YouTubePå DigiHelse kan innbyggjar: Sende og motta meldingar frå helse- og omsorgstenestene i kommunen Slik skriver du en ny melding på helsenorge.no - YouTubeSjå avtalar og få oversikt over heimetenester i kalender Avbestille teneste/oppfylgingsbesøk Få varsel om utførte heimebesøk på tekstmelding eller e-postSkrive/sende melding til helsepersonale etter behovSlik representerar du andre på Helsenorge I periodar av livet har me ofte behov for å få hjelp av pårørande til å halde oversikt over timeavtaler eller til fylle ut dokument som t.d. reiserekningar. I Helsenorge kan du som pårørande få samtykke til å få tilgang til t.d. din mor eller far sin Helsenorge.Dette kan utførast på to ulike måtar: 1. Brukaren sjølv loggar inn med bank ID og gjer andre tilgang til eigen konto Fullmakt til å bruke Helsenorge på vegne av andre2. Samtykkeskjema som vert sendt inn fysisk Skjema for fullmakt til HelsenorgeSlik representerar du andre på Helsenorge DigiHelsestasjon DigiHelsestasjon er ei meldingsteneste mellom helsestasjons- og skulehelsetenesta og innbyggjar. DigiHelsestasjon gjer det mogleg å kommunisera på ein sikker og trygg måte med helsestasjon og skulehelsetenesta på nett. DigiHelsestasjon Filmsnutt Kontakt din helsestasjon på nett - YouTubePå DigiHelsestasjon kan innbyggjar: Sende og motta meldingar frå helsestasjons- og skulehelsetenesta Slik skriver du en ny melding på helsenorge.no - YouTubeSjå avtalar og avbestille avtalar Få varsel om planlagde avtalar på tekstmelding eller e-postSamtykke til vaksinering Skrive/sende melding til helsesjukepleiar etter behov Legetenesta Legetenesta i Bømlo er frå januar 2023 alle kommunale. Innbyggjarane i Bømlo kan alle nytte Helsenorge for bestilling/avbestilling av legetimar, og til sikker kommunikasjon av informasjon. Dei tilsette i kommunen nyttar Helsenorge i eige journalsystem.helsenorge.no På Helsenorge kan innbyggjar blant anna: Bestille og avbestille legetimar Oversikt over komande legetimarOversikt over tilvisingar Oppdatere reseptar og få oversikt over legemidlar Sende e-dialog melding til fastlegen (påkosta teneste) Bytte fastlege Vaksineoversikt Sist endra 30.10.2023 17:09