Demenskoordinator i Bømlo kommune

Ein demenskoordinator er eit bindeledd mellom deg som har ein demens diagnose, dine pårørande og hjelpeapparatet. Demenskoordinator er eit lågterskel tilbod for deg som har eller har mistanke om ein demensdiagnose, pårørande, helsepersonell og andre som treng hjelp, rettleiing og informasjon.

Kva gjer ein demenskoordinator?

Gjev støtte, råd og rettleiing til deg som har demens og til pårørande. Dette kan vera både individuelt eller i grupper.

Gjev informasjon om tilbod og tenester.

Samarbeidar med fastlegane og spesialisthelsetenesta.

Samarbeidar med heimetenesta og dagtilbodet til personar med demens, både i høve oppfølging av den enkelte brukar og deira pårørande. Samt utvekslar erfaringar og deler fagkunnskap.

Bidra til fagutvikling og undervisning.

Leiar kommunen sitt hukommelsesteam, som samarbeida med fastlegane i høve utgreiing og oppfølging av personar med demens og deira pårørande.

Kven kan ta kontakt?

Alle som er ramma av demens kan ta kontakt ved behov med demenskoordinator. Det kan vera du som har ein demensdiagnose, familie, vener og helsepersonell.

Kva kosta det?

Tilbodet er gratis.

Kontaktinformasjon

Demenskoordinator: Maj-Tove Meling

Besøksadresse: Tenestekontoret

Leirdalen 25

5430 Bremnes

Telefon: 53 42 34 76 / 53 42 34 70

Mobil: 469 31 348

E-post: maj.tove.meling@bomlo.kommune.no

Til toppen