Ergo- og fysioterapitenesta

Fysioterapeutane og ergoterapeutane gir individuelt tilpassa tiltak for personar over 18 år med sjukdom eller skade som gir nedsett funksjonsevne, motoriske vanskar, fysiske vanskar, kognitive vanskar og/eller vanskar med daglege gjeremål.

Korleis tek ein kontakt?

Ta kontakt med tenesta på telefon tlf.nr. 53 42 33 42, eller lever/send tilvising per post. Me tek også i mot tilvisningar frå fastlegar, sjukehus og andre. E-post kan brukast for å få kontakt, men hugs at det ikkje må sendast sensitiv informasjon på e-post.  

Adressa er: Ergo- og fysioterapitenesta, Leirdalen 25, 5430 Bremnes. 

Kontaktperson for tenesta er verksemdleiar Kathrine Nygård

Tlf: 901 95 430

E-post: ktn@bomlo.kommune.no

Kva hjelper tenesta deg med?

Fysio- og ergoterapeutar har kompetanse til å vurdera funksjonsproblem og bidra med tiltak som kan styrka funksjonsevna og deltaking. Me har oppfølging av ungdom, vaksne og eldre, i samarbeid med relevante tenester, og oppfølging av personar som ikkje har kontakt med andre tenester. Dømer på tiltak og områder:

  • Rehabilitering på institusjon og i heimen
  • Førebyggande heimebesøk til dømes med fokus på fallførebygging
  • Vurdering, søknad, tilpassing og oppfølging av hjelpemiddel
  • Bustadtilrettelegging og -rådgjeving
  • Aktivitet og aktivitetsregulering
  • Trening på å utføre daglege aktivitetar og gjeremål
  • Syn og hørsel
  • Hukommelse, strukturering og organisering
  • Oppfølging ved alvorleg sjukdom og i livets siste fase
  • Opptrening etter sjukdom, operasjon og skade
  • Trening av styrke, balanse og kondisjon
  • Vegleia trening, oppfølging og utarbeiding av treningsprogram
  • Veiledning av anna personale
  • Råd og veiledning i aktivitet og trening

Kva kostar det?

Du må betala eigenandel for oppfølging av fysioterapeut, uavhengig av diagnose. Sjå informasjon om eigenandel på helsenorge.no

Følgande grupper er unnateke krav om eigenandel: 

  • Personer med dokumentert yrkesskade, der oppfølginga har samanheng med skaden
  • Personer som er inneliggande i institusjon, og som betaler døgnpris for opphaldet

Det vert heller ikkje krav eigenandel for hjelpemiddelformidling, førebyggande heimebesøk, bustadrettleiing og tverrfaglege rehabiliteringstiltak.

Eigenandelar vert fakturert i høve det som er gjeldande takstplakat. Du får automatisk tilsendt frikort. Det er same frikort som for lege.

Sjå meir informasjon om eigenandel: https://www.helsenorge.no/betaling-for-helsetjenester-hos-fysioterapeut/

Kven er terapeutane?

Desse ergoterapeutane jobbar med vaksne og eldre:

Ergoterapeutar som jobbar med vaksne og eldre
Namn Telefonnummer Mail
Chatrine H. Johansen 53 42 33 44 / 915 42 956 Chatrine.hidle.johansen@bomlo.kommune.no
Bianca Rolfsnes-Flock 53 42 33 39 / 481 03 055 brf@bomlo.kommune.no
Anne Alvsvåg 95 10 79 16 anne.alvsvag@bomlo.kommune.no

Desse fysioterapeutane jobbar med vaksne og eldre:

Fysioterapeutar som jobbar med vaksne og eldre
Namn Telefonnummer Mail
Dagne Iselin Meling 53 42 33 45 / 90 81 61 72 dagne.iselin.meling@bomlo.kommune.no
Mona Thorbjørnsen 53 42 33 43 mona.thorbjornsen@bomlo.kommune.no
Egle Barysaite (vikar) 952 12 578 egle.barysaite@bomlo.kommune.no
Geirmund Pedersen 53 42 33 29 geirmund.pedersen@bomlo.kommune.no
Christine Haukeland Rolfsnes 46 81 02 57 chro@bomlo.kommune.no

Fysioterapeutar med driftstilskot:

Kommunalt hjelpemiddellager

Ved behov for hjelpemiddel for synsproblem og i større hørselssaker, tek ein kontakt direkte med SAPT i Bergen for bistand: Bergen kommune - Syns- og audiopedagogisk tjeneste (SAPT)

Ergoterapeut og fysioterapeutar som jobbar med barn

Kontaktperson:

Verksemdleiar

Kathrine Tislevoll Nygård
Mobil: 901 95 430
E-post: ktn@bomlo.kommune.no

Til toppen