Kven kan få tilbodet?
Dersom du har nedsett funksjonsevne på grunn av skade eller sjukdom, kan du få låna hjelpemiddel for ein kortare eller lengre periode.
Korleis tek du kontakt?
Du kan sende mail til hjelpemiddellageret; hjelpemiddel@bomlo.kommune.no. Me svarar stort sett innan 1-2 verkedagar.
Elles er hjelpemiddellageret er bemanna:
Måndagar kl 9 - 12
Fredagar kl 9 - 11.30
Du kan då kome innom eller ringe på tlf 53 42 31 88.
Utanom opningstida kan du leggje att beskjed på telefonsvaren.
Kortvarig utlån:
Dersom du har eit kortvarig behov for enklare hjelpemiddel, kan du få låna dette av kortidslageret til Bømlo kommune. Det kan vera hjelpemiddel som m.a. rullestol, toalettforhøyar, dusjstol og rullator.
Langvarig utlån:
Dersom du har eit langvarig behov (over 2 år) for utlån av hjelpemiddel, kan du få støtte til utlån via Folketrygda.
Ved behov for langvarig utlån, kan du ta kontakt med Ergo- og fysioterapitenesta. Fysioterapeut eller ergoterapeut vil då hjelpa deg med å finna ut kva hjelpemiddel du treng, og hjelper deg med å søka om varig utlån av dette til NAV Hjelpemiddelsentral.
Akutt behov for reperasjon av hjelpemiddel
Ved akutt behov for reperasjon av hjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral, kan du ringa vakttelefonen til NAV Hjelpemiddelsentral
407 02 812 / 992 02 355