Krisesentertilbod for Bømlo kommune Krisesenteret er eit tilbod til deg som er utsett for vald eller overgrep frå ein partnar, familie eller andre du har eit nært forhald til.Krisesenteret for vår kommune er Krisesenter Vest.Meir informasjon om Krisesenter vestInformation in other languages: Languages - Dinutvei.noDu treng ikkje å vere i akutt krise for å få hjelp på krisesenteret. Senteret tilbyr:Ein trygg, mellombels stad å bu – eller dagtilbod om du heller vilVern, tryggleik, råd og rettleiingAbsolutt alle kan kontakta krisesenteret, kva tid som helst, uansett kjønn og alder. Du kan også ta med borna dine på krisesenteret.Krisesenteret har døgnåpen vakttelefonDet er gratis å få hjelp og gratis å bu på krisesenteret Du treng ingen tilvising eller timeavtale for å kontakta senteretKontaktinformasjon til Krisesenter VestTelefon Stord - 53 41 12 12 Telefon Haugesund - 52 72 98 84Opningstider: heile døgnet E-post: post@krisesentervest.noNettside til Krisesenter VestMeir informasjon om nasjonale hjelpetilbod finn du her:Infofilm fra KrisesentersekretariatetVO-linjen - 116 066Din utvei Sist endra 11.09.2024 08:18