Heimerehabilitering

Heimerehabilitering er rehabilitering i egen heim med utgangspunkt i det du synes er viktig i kvardagen. Treninga  tek utgangspunkt i dine ressursar, ynskjer og moglegheiter

Kva tilbyr me?

  • Tidsavgrensa trening i eigen heim med fokus på daglege aktivitetar som som viktige for deg
  • Kartlegging og oppfølging av eit tverrfagleg team sett saman av sjukepleiar, fysioterapeut og ergoterapeut
  • Råd og rettleiing i samband med tilrettelegging av bustad og meistring av daglege aktivitetar.

Kven kan få tilbodet?

  • Du som ynskjer å klara deg best mogleg i eigen heim
  • Du som søkjer om helse- og omsorgstenester frå kommunen for første gong
  • Du som har fått eit funksjonstap
  • Alder eller diagnose er ikkje avgjerande for å kunna få heimerehabilitering.

Slik søkjer du

I søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du søkjer

Dersom du mottek heimeteneste kan du be dei ta kontakt med heimerehabilteringsteamet for deg.

Søknadsskjema for heimerehabilitering finn du her (PDF, 406 kB)

Om nokon hjelper deg med å fylla ut søknaden må du samstundes fylla ut ei skriftleg fullmakt og senda den med søknaden.

Send søknad til:
Bømlo kommune
Tenestekontoret
Leirdalen 25
5430 Bremnes

Du kan òg levera søknaden i skranken på Rådhuset.

Kva kostar det?

Heimerehabilitering er gratis.

Kor kan du få meir informasjon?

Har du spørsmål eller treng hjelp til å fylla ut søknaden? Ring oss på telefon 53 42 34 70.

Korleis blir søknaden behandla kor kor lang tid tek det?

Det er Tenestekontoret som behandlar søknaden din. Dei tek kontakt med deg for å avtala eit heimebesøk. På heimebesøket vil dei snakka med deg om ditt hjelpebehov.

Tenestekontoret sender deg eit vedtak etter heimebesøket. Om søknaden ikkje kan avgjerast innan fire veker, får du ei skriftleg melding om grunnen til det. 

Kan du klaga om du ikkje får innvilga søknaden?

Du kan klaga på vedtaket innan fire veker frå du fekk brevet. Grunngje kvifor du klagar. Treng du hjelp til å skriva klagen? Ring oss på telefon 53 42 34 70.

 

Aktuelle lover og forskrifter 
Helse og omsorgstjenesteloven
Pasient og brukerrettighetsloven
Forskrift om egenandel for kommunale helse og omsorgstjenester

Til toppen