Behandling og vegleiing


Kven kan få tilbodet?


Me tilbyr hjelp til personar over 18 år som har utfordringar kring si eiga psykiske helse. Dette kan vera alt frå moderat til alvorlege psykiske helseutfordringar. Psykisk helseteneste har relevant og brei utdanning innan psykisk helsearbeid, samt vidareutdanning innan kognitiv terapi. Me anbefala deg å lesa meir om kognitiv terapi her:

 Informasjon om kognitiv atferdsterapi

 

Kva kan me tilby?


Tilbodet har som mål å førebyggja, behandla og bidra til at den einskilde kan meistra sine psykiske helsevanskar på ein betre måte. For å kunne oppnå dette er det forventa at den som søkjer er aktivt deltakande i behandlinga, både under timen, men og heime mellom timane. Når ein mottek psykologisk behandling er det viktig å prioritera dette i den tida behandlinga pågår. Dette betyr å setta av tid og jobba med oppgåver jamt og trutt. Det er spesielt viktig å jobba aktivt mellom samtalar. For mange er ein viktig del av behandlinga gjennomføring av vegleia sjølvhjelp. Bømlo kommune nyttar Assistert selvhjelp til dette. Programma som Assistert selvhjelp tilbyr, vise gode resultat og god effekt når ein jobbar systematisk gjennom det. 

Det er forventa at ein kjem til avtalt time, viss ikkje timen passar er det viktig at ein gjer beskjed. Viss ein ikkje kjem til fleire av timane utan å gje beskjed, kan tenesta bli avslutta.

 

Slik søkjer du:

Søknadsskjema for helse- og omsorgstenester 


Send utfylt søknadsskjema til:        

Bømlo Kommune v/ Tenestekontoret
Leirdalen 25,

5430 Bremnes.
Du kan og levere søknaden i skranken på Rådhuset.
 

Forløp etter at søknad er sendt inn:

Etter at søknaden er levert vil Tenestekontoret. ta kontakt med deg for ein samtale. Etter dette vert det gjort ei vurdering og du kan bli tildelt teneste hjå Psykisk helseteneste.
Når du har møter til fyste samtale vil ein gå gjennom kva psykiske helseplagar du opplev som gjer kvardagen utfordrande. Behandlar vil saman med deg sjå mogelege områder å jobba med, samt forklara korleis ein vil jobba med dette.  Som oftast vil behandlar skissera kor mange timar ein i utgangspunktet trur du vil trenge.
Dersom ein finn grunnlag for vidare jobbing vil ein lage konkrete målsettingar, avklare forventningar om kva du skal gjera og kva behandlar skal gjera. Målet frå behandlar si side er alltid å hjelpa personen på veg til å bli sin eigen terapeut, som kan jobba vidare etter behandlingskontakten er over. Ein vil ha avslutning som tema fortløpande.

 

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.


Kor kan eg få meir informasjon?

Du kan ringe Tenestekontoret på telefon 53 42 34 70 eller ta direkte kontakt med Psykisk helseteneste (sjå under kontaktinformasjon).

 

Til toppen