Nettbasert psykisk helsehjelp

Assistert sjølvhjelp er ein kombinasjon av nettbaserte program og oppfølgingssamtalar med fagperson i tenesta og du får ein kode til å logga inn av denne. Med slik rettleia sjølvhjelp kan du gjennom øvingar og oppgåver som du jobbar med heime få hjelp med ulike problemstillingar. 

Hjå Bømlo kommune kan du få gratis tilgong til 20 ulike behandlingsprogram, til dømes:

  • Meistring av angst
  • Meistring av depresjon
  • Meistring av bekymring og GAD (generalisert angstliding)
  • Meistring av perfeksjonisme
  • Meistring av helseangst
  • Meistring av sosial angst
  • Meistring av stress og belastningar
  • Meistring av søvnvanskar

    Lær meir på assistertselvhjelp.no

Har du nokon spørsmål?

Ta kontakt med Tenestekontoret på telefon 53 42 34 70

Til toppen