Aktivitetstunet

Aktivitetstunet, er eit arbeids- og aktivitetstilbod for vaksne personar med utviklingshemming eller andre varige funksjonsnedsettingar. 

Kven kan få tilbodet?

Aktivitetssenteret er eit tilbod til vaksne som har behov for eit arbeids- og aktivitetstilbod der det ikkje er krav til produksjon.

Kva kan Aktivitetssenteret tilby?

  • Opplæring, arbeid og aktivitet med utgangspunkt i den einskilde sine behov og evner
  • Ein god stad å vera med fokus på inkludering, trivsel og samhald
  • Helsefremjande aktivitetar med fokus på rørsle og individuelt tilpassa treningsopplegg

Slik søkjer du

Søknadsskjema Aktivitetstunet - digitalt

Søknadsskjema om tilbod på Aktivitetstunet finn du her (PDF, 406 kB)

Send søknaden til:

Bømlo kommune 
Tenestekontoret
Leirdalen 25
5430 Bremnes

Du kan òg levera søknaden i Innbyggjartorget i Bømlo folkebibliotek eller postkassen inne i rådhusfoajeen.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis. Du kan kjøpa lunsj om du ynskjer det. 

Meir informasjon

Helse og omsorgstjenesteloven

Pasient og brukerrettighetsloven

Forskrift om egenandel for kommunale helse og omsorgstjenester