Aktivitetstunet

Aktivitetstunet, er eit arbeids- og aktivitetstilbod for vaksne personar med utviklingshemming eller andre varige funksjonsnedsettingar. 

Kven kan få tilbodet?

Aktivitetssenteret er eit tilbod til vaksne som har behov for eit arbeids- og aktivitetstilbod der det ikkje er krav til produksjon.

Kva kan Aktivitetssenteret tilby?

  • Opplæring, arbeid og aktivitet med utgangspunkt i den einskilde sine behov og evner
  • Ein god stad å vera med fokus på inkludering, trivsel og samhald
  • Helsefremjande aktivitetar med fokus på rørsle og individuelt tilpassa treningsopplegg

Slik søkjer du

Søknadsskjema om tilbod på Aktivitetstunet finn du her (PDF, 406 kB)

Send søknaden til:

Bømlo kommune 
Tenestekontoret
Leirdalen 25
5430 Bremnes

Du kan òg levera søknaden i skranken på Rådhuset.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis. Du kan kjøpa lunsj om du ynskjer det. 

Meir informasjon

Helse og omsorgstjenesteloven

Pasient og brukerrettighetsloven

Forskrift om egenandel for kommunale helse og omsorgstjenester

Til toppen