Omsorgsbustad

Ein omsorgsbustad er ein bustad for deg som grunna sjukdom, alder eller funksjonshemming har vanskar med å bu i vanleg bustad. Bømlo kommune har omsorgsbustadar på Langevåg, Finnås, Mosterhamn og Bremnes.

Kven kan få omsorgsbustad? 

Dei som treng tilrettelagt bustad grunna sjukdom, alder, eller funksjonshemmingar. 

Kva type bustader er det? 

Kommunen disponerer ulike utleigebustadar og leilighetar i burettslag.
Utleigebustadane er eigd av Bømlo Kommunale Eigedomsselskap AS (BKE AS) 
Burettslagsleiligheane er eigd av Vestbo. For desse bustadane må du i tillegg til husleiga betala eit innskot. Dette vert betalt attende når du sel bustaden. Kommunen kan hjelpa med å finansera innskotet. Du vil òg kunna få bustøtte for å redusera buutgiftene dine. 

Alle bustadane har livsløpstandard, dvs. at dei er tilpassa rullestolbrukarar og er tenlege for ulike fysiske funksjonshemmingar. Om naudsynt kan dei tilpassast særskilte for den enkelte.

Omsorgsbustader har ikkje fast personale, men bebuarane får heimehjelp, heimesjukepleie, tryggleiksalarm m.v. ut frå behov. 

Slik søkjer du om utleigebustad

Søknadsskjema for omsorgsbustadar finn du her (PDF, 406 kB)

Tildeling skjer når det vert ledig bustad. Den som blir vurdert å ha det største behovet ut frå ei samla vurdering vil få tilbodet.

Slik søkjer du om å kjøpa burettslagsleilighet i Vestbo

Ledige bustadar blir lyst ut for salg i lokalaviser og på Finn.no. Søknadsskjema ligg då ved bustadprospektet. 

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Tenestekontoret på telefon 53 42 34 70 eller Vestbo - telefon 55 30 96 00

Til toppen