Avlastingsopphald

Avlasting er eit tilbod til deg som har omfattande omsorgsoppgåve. Formålet med tenesta er å gje pårørande naudsynt ferie og fritid slik at den som treng omsorg kan bu heima så lenge som mogleg.

Kven kan søkja:

For å søkja om avlastingsopphald må du:

  • vera pårørande som dagleg yt omfattande og særleg tyngjande omsorgsarbeid
  • ha behov for avlasting

Slik søkjer du:

Det er i utgangspunktet den som yt omsorg som søkjer om denne tenesta, men den som treng hjelp må sjølv ynskja avlastingsopphald. Søknad vert registrert på den som treng omsorg.

Dersom du skal planleggja ferie eller på ein anna måte er avhengig av avlasting i eit bestemt tidsrom, bør det søkjast i god tid.

Søknadsskjema for avlastningsopphald finn du her (PDF, 406 kB)

Om nokon hjelper deg med å fylla ut søknaden må du samstundes fylla ut ei skriftleg fullmakt og senda den med søknaden.

Send søknad til:

Bømlo kommune
Tenestekontoret
Leirdalen 25
5430 Bremnes

Du kan òg levera søknaden i skranken på Rådhuset.

Kva kostar det?

 Avlastning er gratis.

Meir informasjon

Aktuelle lover og forskrifter 
Helse og omsorgstjenesteloven
Pasient og brukerrettighetsloven
Forskrift om egenandel for kommunale helse og omsorgstjenester

Til toppen