Langtidsopphald

Langtidsopphald er eit tilbod til deg som har eit varig behov for pleie og omsorg gjennom heile døgeret. Behovet er omfattande og kan ikkje dekkjast av heimesjukepleie i eigen heim eller i omsorgsbustad.

Kven kan søkje om langtidsopphald?

Dei som ikkje meistrar å bu i eigen heim på grunn av omfattande pleie og omsorgsbehov gjennom heile døgeret.

  • Hjelpebehovet og funksjonstapet må vere varig
  • Andre aktuelle hjelpetiltak må vera vurdert og/eller prøvd ut. Td heimesjukepleie, praktisk bistand, tryggleiksalarm og tilrettelegging av bustad
  • Dersom det vert innvilga langtidsopphald og det ikkje er ledig plass vert du sett på venteliste.
  • Bømlo kommune har utarbeida kriterie for tildeling av langtidsplass

Slik søkjer du

I søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du søkjer om langtidsopphald
Søknadsskjema for langtidsopphald i sjukeheim finn du her (PDF, 406 kB)

Om nokon hjelper deg med å fylla ut søknaden må du samstundes fylla ut ei skriftleg fullmakt og senda den med søknaden.

Send søknad til:

Bømlo kommune
Tenestekontoret
Leirdalen 25
5430 Bremnes

Du kan òg levera søknaden i skranken på Rådhuset.

Kva kostar det?

Prisen for ein langtidsplass vert rekna ut frå grunnpensjonen din frå folketrygda og inntekta di etter skatt. Forskrift om egenandel for kommunale helse og omsorgstjenester

Meir informasjon

Aktuelle lover og forskrifter 

Helse og omsorgstjenesteloven
Pasient og brukerrettighetsloven
Forskrift om egenandel for kommunale helse og omsorgstjenester

Forskrift om rett til langtidsopphald i Bømlo kommune

Til toppen