Tenestekontoret

Kommunen tilbyr helse og omsorgstenester til personar som har hjelpebehov grunna sjukdom, funksjonshemming, alder eller andre årsaker. Tenestekontoret behandlar søknader om helse og omsorgstenester til personar over 18 år. Kontoret kan òg gje kan gje råd og rettleiing.

Tenestekontoret er koordinerande eining for habilitering og rehabilitering (KE) for personar over 18 år, Barne og famlietenesta er for dei under 18 år.
 

Barne og familietenesta behandlar søknader om helse og omsorgstenester til barn og unge under 18 år (Helsestasjons-/jordmorteneste, skulehelseteneste og sosiale tenester).

 

Kreftkoordinator og demenskoordinator (PDF, 246 kB) er tilsatt på tenestekontoret.

 

Har du spørsmål eller treng hjelp til å fylla ut søknaden? Ring oss - 53 42 34 70

  

Søknadsskjema for alle helse og omsorgstenester (PDF, 374 kB)

 

Søknad skal sendast til:
Tenestekontoret i Bømlo, Leirdalen 1, 5430 Bremnes. Du kan òg levera søknadsskjema i skranken på Rådhuset.

 

Meir om saksbehandling og rett til å klaga på vedtak finn du her

 

Tenester:

 

Ved tildeling av tenester legg me vekt på:

  • at hjelpa skal gje hjelp til sjølvhjelp
  • kva du kan klara sjølv/ kva eventuelle andre i husstanden kan klara (f.eks ektefelle, samboer eller vaksne heimebuande barn)
  • kva du og våre tilsette kan gjera i lag/kva våre tilsette kan hjelpa deg meg

 

Tenestestadar:
Det er to omsorgsområder i kommunen: Bømlo heimetenester (Bremnes/Moster) og Søra Bømlo omsorgsområde.

 

Kommunen har fleire institusjonar:

Bømlo bu- og helsesenter (korttid og langtidsplasser),  Teiglandshagen bufellesskap, Avlastingsbustaden og Bømlo omsorgstun.

Sist endra 11.05.2017
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 34 72
Mobil:
918 83 682
Tittel:
leiar
Bunnhjørne
Relaterte artiklar (2)
 
Login for redigering