Aktivitet for Alle
På Aktivitet for alle, kan lag og organisasjonar, kulturelle aktørar og kommersielle aktørar leggje inn aktivitetar og arrangement for menneske i alle aldrar. Det er gratis for arrangørar å leggje inn informasjon, men dei må registrere seg som brukar og bli godkjende av Bømlo kommune.
Korleis gjer du det:
opprett ein personleg brukar
Logg inn som personleg brukar og klikk på “Ny arrangør” og følg forklaring.
Registreringa som oftast ved hjelp av Organisasjonsnummeret til laget. Dersom de ikkje er registerte i Brønnøysundregistera, er det mogleg å oppretta ein Arrangør utan Organisasjonarnummer.
Ved spørsmål om portalen ta kontakt med
Johanne Kristiansen - rådgjevar folkehelse og frivilligheit
E-post: Johanne.Kristiansen@bomlo.kommune.no
Telefon: 453 82 642
Aktivitet for alle er også staden der ein kan søkje om å bruker Fritidskortet i Bømlo kommune. Dette er ei ordning for barn og ungdom i alderen 11-15 år. For å søkje om tilskot, må søkjar registrere seg med brukar på sida.
Les meir om Fritidskortet her:
Fritidskortet