Kommunedelplan for kultur, idrett og frivilligheit skal handle om korleis kultur og idrettsfeltet kan bidra til å skapa gode lokalsamfunn gjennom deltaking, medverknad, utøving og oppleving av kunst, kultur og idrett i heile kommunen.
Spørjeundersøking
I fyrste del av arbeidet vil me gjerne høyre frå lag og organisasjonar om dykkar erfaringar og behov. Undersøkinga tek om lag 10-15 minutt å gjennomføra. Tema er aktivitetar i laget/organisasjonen, rekruttering, drift og bruk av lokalar og anlegg, finansiering og støtteordningar, nettverk, kurs og kompetanseheving. Alle som svarar er med i trekninga av tre tildelingar på 5000,- kr til drift av laget/organisasjonen.
Svar på undersøkinga ved å klikke på denne lenka
Dialogmøte med lag og organisasjonar
18. april møtte 54 personar frå 35 ulike lag og organisasjonar kommunen til årleg dialogmøte. I år var tema innspel til kommunedelplanen for kultur, idrett og frivilligheit.
Oppsummering dialogmøte med lag og organisasjonar 18.april 2023 (PDF, 186 kB)
Hadde ikkje ditt lag eller organisasjon moglegheit til å delta kan de no også svara på spørsmåla som vart diakutert under her. Ved å leggja inn svar godtek de at kommunen nyttar svara i sitt arbeid.
Har du spørsmål eller innspel om planen? Ta gjerne kontakt med Elisabeth Holme Grønnevik (tlf. 91165377).