Kulturvern og kulturminne

Kulturminne er alle spor etter menneske sitt liv og virke i det fysiske miljøet. Dei mest verdifulle kulturminna er freda, medan andre kan vera verna eller verneverdige. Dei fleste kulturminne har ikkje nokon formell vernestatus, men kan likevel vera verdifulle for mange.

Kulturminnevern

Alle kulturminne frå 1650 eller tidlegare er automatisk freda etter kulturminnelova. Kulturminne i sjø er automatisk freda frå dei er 100 år. Enkeltbygg eller bygningsmiljø kan fredast etter særskilde vedtak.

Forvaltning av kulturminne

I forvaltninga skil ein mellom arkeologiske kulturminne (frå før reformasjonen), som er automatisk freda, og nyare tids kulturminne, som ikkje har noko automatisk vern. Også nyare tids kulturminne kan fredast, men då etter vedtak frå Riksantikvaren. Det er kommunane som har hovudansvaret for forvaltninga av nyare tids kulturminne, først og fremst gjennom handhevning av plan- og bygningslova.

Kommunedelplan for kulturminne

Kommunedelplan for kulturminne 2021 - 2032 blei vedteken i Kommunestyret 22.03.2021, PS 26/2021.

Vedteken kulturminneplan (PDF, 9 MB)

Vedlegg til kulturminneplanen (oversikt vernestatus) (PDF, 5 MB)

Til toppen