Nyheitsbrev sommaren 2023

Rådgivar for folkehelse og frivilligheit sender kvar månad ut eit nyheitsbrev til alle lag og organisasjonar som har registrert kontaktperson i Bømlo. Ynskjer ditt lag og organisasjon å motta nyheitsbrev, kan de sende kontaktinformasjon til postmottak@bomlo.kommune.no merka med påmelding til nyheitsbrev lag og organisasjonar.

Kjære alle lag og organisasjonar,

Sommaren er i gang og det er litt vemodig når eg no sender ut det siste nyheitsbrevet som rådgivar for folkehelse og frivilligheit i Bømlo. Me er så heldige at Johanne Kristiansen har sagt ja til å starte i stillinga, så frå 1. oktober vil de høyre frå mykje meir frå henne! Denne månadens nyheitsbrev blir noko lengre for å summe opp nokre av prosessane me har hatt det siste månadene, mellom anna som svar på innspel i dialogmøte og kartlegging med lag og organisasjonar.

  • De er viktige pådrivarar, prosjekteigarar og/eller samarbeidspartnarar i utvikling og forbetring av til dømes snarvegar og møteplassar. Dialog med dykk har vist at det er viktig med ein tydeleg prosess for slike prosjekt. Me har derfor laga eit døme på korleis prosessen kan gjennomførast for slike prosjekt, med fokus på å avklara kva som er lov og kva som er viktig å hugse på i ulike delar av prosessen. Prosessen finn de på Bømlo kommune sine nettsider om samarbeid og dialog med frivillige og på kommunen sine nettsider om trafikksikring (saman med eit fagnotat om skulevegar og snarvegar).
  • I www.aktivitetforalle.no finn ein både faste aktivitetar og arrangement i Bømlo, Stord og Fitjar.
    • Faste aktivitetar:  Tre ungdommar har hatt som jobb å oppdatera dei faste aktivitetane no dei siste vekene. Gå gjerne inn og sjekk at dykkar aktivitetar er godt skildra.
    • Arrangement: Her kan de leggja inn alle arrangement, om ikkje lenge vil kulturhuset sine arrangement også automatisk komma inn her, så frå hausten vil dette bli ein fullverdig aktivitetskalender, slik som de etterlyste på dialogmøtet.
    • De kan leggja Facebook-arrangement direkte ut på aktivitetforalle! https://aktivitetforalle.no/arrangor
    • Send epost til aktivitetforalle@bomlo.kommune.no om det er noko som må ordnast, alternativt kan de laga dykk ein brukar sjølve. Då gir me dykk tilgang til å redigera sjølve.
  • Med oppstart etter sommaren er det ekstra lurt å tenkja på kva informasjon de gir nye deltakarar og frivillige. På kommunen si nettside om aktivitetar og arrangement finn de ein del tips og informasjonsmateriell – Hugs at de som er aktive i laget/organisasjonen veit veldig mykje som nye ikkje nødvendigvis forstår. Har de høve til å ta ein telefon til nye deltakarar eller ha «fadrar» som tar litt vare på dei som er nye er det utruleg velkomment – elles er papirbrosjyra ein god informasjonskanal når føresette følgjer deltakarar på fyrste aktivitet eller ein kjem som ny og kanskje syns det er godt å ha noko å lesa på.
  • Frå 1.9-30.11 vil me i Bømlo kommune vera pilot for eit prosjekt med Posten og Kommunenes sentralforbund (KS). Då vil me testa ut ein ny måte å levera post og informasjon til innbyggjarane. Dette betyr at postbodet ringer på hjå utvalde seniorar ein gong i veka, og har med seg post og pakker. I tillegg får dei eit nyheitsbrev frå oss i kommunen. Her får dei vita litt om kva som skjer av aktivitetar i sitt nærområde. Dei får også anna informasjon frå ulike offentlege etatar. I tillegg kan postbodet ta med seg post og ferdig frankerte pakkar som dei ynskjer å senda. Postbodet kan også svara på spørsmål som dei måtte ha, men har ikkje moglegheit til å komme inn.
    • Til informasjonsskrivet vil me gjerne få liste over dykkar aktivitetar hausten 2023 (spesielt når desse er aktuelle for seniorar). Flott om de kan senda datoar og kva aktiviteten er når de har dette klart til Jorunn Folgerø-Holm (jfh@bomlo.kommune.no). Desse vil også bli lagt inn i www.aktivitetforalle.no som også vil vera tema i eit av dei fyrste informasjonsskriva.
    • Det er ønskjeleg å presentera frivillig.no som del av det eine informasjonsskrivet. Dette er ein rekrutteringskanal for rekruttering av frivillige. Per i dag er det særleg frivilligsentralen som brukar denne kanalen i Bømlo, men tenk gjerne gjennom om de treng frivillige (og då særleg seniorar), då mange i denne målgruppa vil få informasjon om frivillig.no i midten av september.
  • Rett før sommaren har me fått melding om at me har fått 50000,- til fritidskasse i Bømlo, dvs behovsprøvd dekking av ulike typer kostnadar for faste aktivitetar (inkl cupar/turar/utstyr). Kommunen vil i løpet av august gi ei melding om korleis me vil administrera denne ordninga, men tenk gjerne gjennom om det er aktivitetar som det vil vera deltakarar som treng støtte til (me har ikkje lov å betala ut direkte til føresette eller deltakarar).
  • Høyringar: https://www.bomlo.kommune.no/politikk/offentlege-hoyringar/
    • Detaljreguleringsplan for fritids- og turistføremål Saltkjelen gnr. 84/96 m.fl. Mækjebakken, planid 201714, er lagt ut til offentleg ettersyn. Merknadar til planen kan sendast inn fram til 01.09.2023
    • Detaljreguleringsplan for naustområde Klubbavika, gnr/bnr 8/4 m.fl., PlanID 202201 er lagt ut til offentleg ettersyn. Merknadar til planen kan sendast inn fram til 21.08.2023.
    • Detaljreguleringsplan for naust og fritidsbustad i Leirpollen vest 125/27 m.fl. Vornes, PlanID 202204 er lagt ut til offentleg ettersyn. Merknadar til planen kan sendast inn fram til 21.08.2023.
    • Detaljreguleringsplan for Solstrand, Meling, gnr/bnr 101/19, planid 202203 er lagt ut til offentleg ettersyn. Merknadar til planen kan sendast inn fram til 21.08.2023.
  • No om sommaren er det lite søknadsfristar, men i slutten av august og i september er det ei rekkje viktige søknadsfristar.
    • Hugs å søkja mva-kompensasjon innan 1. september kl 13! https://lottstift.no/for-frivilligheten/momskompensasjon-pa-varer-og-tjenester/
    • Lokale tilskotsordningar er
    • Tilskotsportalen:
      • Prinsesse Märta Louises fond:  støtte til små og store arrangementer for barn under 16 år med nedsatt funksjonsevne (frist 1. august)
      • Bergesenstiftelsen: mindre og større prosjekter, i særlig grad innen det kulturelle og humanitære samfunnsområdet. (frist 11.august)
      • Helle Bennets allmennyttige fond: Organisasjoner og grupper kan søke Helle Bennetts Allmennyttige Fond om midler til tiltak og prosjekter rettet mot omsorg for døende og kronisk syke, behandling og ettervern av rusmisbrukere, integreringstiltak og psykisk utviklingshemmede (frist 15. august)
      • Statskogmillionen: prosjekter og aktiviteter innenfor friluftsliv og norsk natur  (frist 31. august)
      • Vestland fylke: økonomisk støtte til prosjekter og tiltak innen frivillig kulturliv (frist 1. september)
      • Vestland fylke: Trafikksikringsaktivitetar (frist 1. september)
      • Forsvaret: Historie- og kulturminneprosjekt relatert til andre verdskrig (frist 1. september)
      • Kulturrom: Øvingsutstyr (frist 1. september)
      • Kulturrom: Utstyr til framføring (frist 1. september)
      • Kulturdirektoratet: Amatørteateraktivitet i grupper (frist 5. september)
      • Kulturdirektoratet:  innsamling, dokumentasjon, bevaring og formidling av materiell som gir grunnlaget for økt kunnskap om historie, kunst, kulturer og samfunnsliv i Norge (frist 5. september)
      • Stiftelsen Grieg Foundation bidrar med betydelige beløp til et bredt spekter av aktiviteter; utdanning av barn og unge, musikk-kunst, andre kulturelle aktiviteter, medisinsk forskning og allmennyttige prosjekt.(frist 15. september)
  • Hugs at de kan laga dykk ein eigen brukar på https://tilskuddsportalen.no/ - det kan vera ekstra lurt no når det blir nokre månader til de kan få oppdateringar frå kommunen.

Då gjenstår det berre for meg å takke for godt samarbeid og for jobben de gjer som frivillige. Det betyr enormt mykje for Bømlo! God sommar!

Beste helsing Lene Borgen Waage

Til toppen