Samarbeid og dialog mellom kommunen og frivillige i Bømlo kommune

Bømlo kommune har over 300 lag og organisasjonar. Desse har interesser, engasjement, kompetanse og ressursar som driv det store fleirtalet av det pågåande aktivitetstilbodet med stor variasjon. Kommunen si rolle er å ta på alvor, vera støttespelar og leggja til rette for at alt frivillig arbeid og aktivitet kan fortsetja å utvikla seg vidare og føre til god helsefremjing hos innbyggjarane våre.

Det skal vere enkelt å driva frivillig arbeid og vera frivillig i Bømlo

Frivilligpolitisk plattform ligg til grunn for styringsdokument og prosessar i 2020-23. Den frivilligpolitiske plattforma er utarbeidd i samarbeid med frivillige organisasjonar, vart vedteke av kommunestyret i Bømlo i desember 2020. 

Frivilligpolitisk plattform 2020-23 (pdf-versjon) (PDF, 3 MB)

I 2023 utarbeider Bømlo kommune ein kommunedelplan for kultur, idrett og frivilligheit. Denne vil liggja til grunn for framtidige styringsdokument og prosessar. 

Side om prosess og resultat for kommunedelplan for kultur, idrett og frivilligheit

Døme på prosess for prosjekt i regi av lag og organisasjonar 

Grendautval, velforeiningar og andre lag og organisasjonar er viktige pådrivarar, prosjekteigarar og/eller samarbeidspartnarar i utvikling og forbetring av til dømes snarvegar og møteplassar. Dette er eit døme på korleis prosessen kan gjennomførast for slike prosjekt, med fokus på å avklara kva som er lov og kva som er viktig å hugse på i ulike delar av prosessen.

Kommunikasjon og dialog med lag og organisasjonar i Bømlo

Til toppen