Konsesjon og eigedom

Dersom du arvar, kjøper eller tek imot fast eigedom som gåve, må du normalt søkja om konsesjon til å ta over eigedomen. Det er kommunen som avgjer søknader om konsesjon.

Fast eigedom er for eksempel hus, gard eller ubebygd tomt eller andre areal. Siktemålet med konsesjonsreglane er å sikra busetjing.

Eigedomar som er fritekne for konsesjon

  • Hovudregelen er at du kan ta over ein eigedom med bygningar som ikkje er større enn 100 dekar og ikkje meir enn 35 dekar dyrka jord utan å søkja om konsesjon.
  • Ei tomt som er lagd ut til bustad- eller fritidsformål er også som regel friteken frå konsesjonsplikt. Dei fleste typar leilegheiter er også konsesjonsfrie.
  • Ubebygd areal som ikkje er avsett til landbruksformål i kommuneplan
  • Overtaking av eigedom frå nær familie
  • Når du som tek over eigedomen har odelsrett. Men då har eigedomen buplikt.

Vanlegvis må du senda oss skjema om eigenfråsegn om konsesjonsfridom. 

Skjema: Eigenerklæring om konsesjonsfrihet    (PDF, 222 kB)

Søkja om konsesjon

Dersom eigedomen er ein landbrukseigedom og ikkje er friteken for konsesjon, må du søkja kommunen om konsesjon.

Det er ein del kriterium for å få ein slik konsesjon, blant andre:

  • at den avtalte prisen er innanfor ei samfunnsmessig forsvarleg prisutvikling
  • omsynet til busetjinga i området
  • at overtakinga tek vare på ei driftsmessig god løysing
  • at den som tek over blir rekna som skikka til å drive eigedomen
  • at overtakinga tek vare på omsynet til heilskapleg ressursforvaltning og kulturlandskapet.

Søknad om konsesjon ved overtaking av fast eigedom (SLF-359) (PDF, 154 kB)

Les meir om konsesjon

Til toppen