Informasjonspunkt ved bortfall av mobil og internett

Bømlo kommune har planlagt informasjonspunkt ved bortfall av mobilnett og internett (ekom).

Kva gjer du dersom dersom mobilnett og internett ikkje verkar? Har du det du treng om vatnet eller straumen skulle bli vekke i sju døgn? Dette er eit nasjonalt fokus og også internt i kommunen.

Informasjonspunkt ved bortfall av mobilnett og internett

Når mobilnettet eller internett ikkje verkar, kan kommunen opna informasjonspunkt for innbyggjarane (PDF, 237 kB). Her kan du få oppdatert informasjon om situasjonen, kommunen sine tenester og andre forhold som påverkar deg. Kommunen opnar informasjonspunktet i rådhuset på Svortland innan 24 timar. Informasjonspunkta i delsentra opnar innan 72 timar.

Du kan òg få hjelp til å formidla viktige beskjedar til nødetatane. Dersom du må kontakta nødetatane direkte, kan du møta opp på hovudbrannstasjonen i på Svortland. Stasjonen er open heile døgnet.

Ved ei større krise bør du først og fremst halda deg heime og klara deg sjølv så langt det er mogleg. Informasjonspunktet er berre meint for korte besøk, og det er viktig at du berre møter opp dersom det er heilt nødvendig. Slik kan kommunen hjelpa dei som har størst behov for hjelp.
Bruk DAB-radio som primær kjelde til informasjon.

Informasjonspunkta erstattar ikkje eigenberedskap. Alle som kan, bør vera førebudde på å klara seg sjølve i minst éi veke. Det gjer at kommunen og nødetatane kan prioritera dei som treng mest hjelp.

Sjå også Eigenberedskap 

Sjå meir på DSB sine nettsider 

DSB (Direktoratet for sikkerhet og beredskap) har også mykje nyttig informasjonsmateriell i samband med Eigenberedskapsveka med tema bortfall av nettet. I år er det også Totalforsvarsåret.

Ta også turen nedom Biblioteket der du finn vår stand med utstyr du treng for å klara deg i sju døgn.

Animasjonsfilmen vår er laga av rådgjevar digitalisering Yngvar Brekke.