Basen

Basen er eit tilbod til deg som har behov for arbeidstrening eller arbeidsretta aktivitet i påvente av arbeid. Du kan vera mottakar av dagpengar, økonomisk sosialstønad, tiltakspengar eller ha anna kontakt med NAV.

Kven kan få tilbodet?

Basen er eit tilbod til vaksne (over 18 år) som har behov for arbeidstrening eller arbeidsretta aktivitet.

Kva kan Basen tilby?

Basen kan tilby arbeidstrening og arbeidsretta aktivitet. Me har ulike arbeidsoppdrag, til dømes leveringsoppdrag for private verksemder og levering av hjelpemidlar. Me driv òg med vedhogst, gartnaroppdrag, brøyting - og me heng opp julegatelys i sentrum.

Arbeidsleiar ved Basen er Joan Toftegaard Hansen. 
Telefon: 948 50 718
E-post: Send e-post

Send e-post til Basen

Basen er ei avdeling i NAV og har tilsette med praktisk utdanning, sosialfagleg utdanning og erfaringskompetanse. Me ynskjer å hjelpa deg tilbake i arbeidslivet. 

Har du spørsmål eller ynskjer å søkje om plass?

Dersom du tenkjer dette kan vera noko for deg, ta kontakt med: 
NAV Bømlo
Joan Toftegaard Hansen
Telefon: 948 50 718
E-post: Send e-post

Besøksadresse: 
Stølane 1,  Bremnes. 

Aktuelle lenkjer:
NAV Bømlo

Til toppen