Nav Bømlo

Timeavtalar alle kvardagar frå kl. 09:00 til kl. 15:00

Nav Bømlo held stengt tysdag 10. og onsdag 11. november grunna nasjonalt arrangement og fagdag for tilsette. Nav sitt kontaktsenter 55 55 33 33 har ope som vanleg.

Opent for drop-in når du ikkje har timeavtale

Opent for drop-in når du ikkje har timeavtale
DagKlokkeslett
Måndag10:00-14:00
Torsdag10:00-14:00

Nav har ope heile døgnet på www.nav.no Her kan du logge deg inn og sjå status og dialog i di sak, skrive til Nav, be om avtale med din rettleiar eller søkje om stønad.

Du kan søkje digitalt om økonomisk sosialstønad. Dersom du er i ein akuttsituasjon og ikkje har pengar til det mest naudsynte ber me deg om å kontakte oss slik at me kan prioritere din søknad. 

  • Du kan kontakte oss via Kundesenteret som vil sette deg over til ein tilgjengeleg rettleiar på Nav-kontoret.
  • Du kan og møte på Nav-kontoret i opningstida for "drop-in".

Kundesenteret 55 55 33 33 har opningstid på telefon kvardagar klokka 09.00-15.00. 

tre etasjes bygning med nav skilt på - Klikk for stort bileteNAV Bømlo finn du i Kulturhusvegen 19, vis a vis Bømlo kulturhus. Bømlo kommune

Kva kan Nav Bømlo hjelpa deg med?   

Basen
Basen er eit tilbod til deg som har behov for arbeidstrening eller arbeidsretta aktivitet i påvente av arbeid. Du kan vera mottakar av dagpengar, økonomisk sosialstønad, tiltakspengar eller ha anna kontakt med Nav.

Send e-post Basen

Kontaktperson 
Joan Toftegaard Hansen, avdelingsleiar
Tlf. 948 50 718
Send e-post