Snøbrøyting og strøing
Me har kommunal beredskap for brøyting og strøing av kommunale vegar, parkeringsplassar og areal rundt kommunale bygg i månadane november til mars. Me tek ikkje på oss brøyting eller strøing av private vegar.
Kommunen er delt inn i 8 vegroder:
- Bremnes - Katla - Hiskjo - Stokkabekkvegen
- Foldrøyhamn - Innvær
- Rubbestadneset - Rolfsnes
- Langevåg - Holme
- Ådnanes - Gilje - Alvsvåg
- Åreid - Finnås - Grutle
- Moster - Håvik - Siggjarvåg
- Espevær
Den første vegroda (Bremnes), vert drifta med eigne mannskap i særskilt vaktordning, medan dei sju siste vert drifta etter kontrakt med sjølvstendige entreprenørar.
Oversikt over kommunale brøyteroder (PDF, 3 MB)
Vakttelefonar snøbrøyting og strøing:
Strøsand
Bømlo kommune tilbyr gratis strøsand for pensjonistar. Du kan henta strøsand på tilvist stad i Hollundsdalen 59, i strøsand-kassar på Rubbestadneset ved torgplassen, på Moster ved Teiglandshagen, ved Joker Finnås, ved bedehuset i Langevåg eller på Espevær.
Brøyting av snø mot privat eigedom
Ved snøfall prøver me å utføra brøytearbeidet på ein slik måte at det ikkje er til ulempe for tilstøytande grunneigarar. I nokre tilfelle kan det likevel vera at me har behov for å brøyta snø inn på privat grunn, til dømes ved rydding i kryss, eller at det ligg igjen brøytekant forbi private avkøyrsler. Dette er innafor tålegrensa etter nabolova, så lengje brøytinga ellers blir utført på ein forsvarleg og omsynsfull måte.
Asfaltering og lapping
Kvart år vert det asfaltert etter oppsett plan, så langt midlane rekk. Av praktiske grunnar kan planen bli justert undervegs i asfalteringssesongen. Lapping av slagholer i kommunale vegar vert utført fortløypande innan nokre dagar i frå me blir klar over behovet. Bømlo kommune er bunden av kontrakt med asfaltentreprenør, og tek ikkje på seg administrering av asfaltering for private.
Kanstslått og trefelling
Kommunen utfører kantslått minst ein gang i året, og skoging ved behov. Dette arbeidet er skilta etter godkjend AV-plan.
Grøfterensk og drenering
Eit av hovudmåla i vegvedlikehald er å få vekk nedbør frå vegkroppen så fort som mogleg då vegen kan bli skada av å stå i vatn. Med jamne mellomrom er det difor naudsynt med grøfterensk. Det vil då bli "sår" i vegkanten som i starten ikkje er så fine å sjå på. Dette arbeidet er skilta etter godkjend AV-plan. Me har ansvar for stikkrenner og sandfangskummar i tilknyting til kommunal veg.
Skilting og vegmerking
Skilting skal utførast etter godkjend skiltplan. For kommunale vegar er kommunen vegmynde. Bømlo kommune kan gjera skilt-vedtak for fareskilt, forbudsskilt og fartsgrenser (lågare enn dei generelle), opplysningsskilt, vegvisningsskilt og skilt med trafikktryggleiks-informasjon.
For andre typar skilt er Regionvegskontoret, vegdirektoratet eller politiet vegmynde. I dei tilfella kommunen gjer skiltvedtak, så skal politiet og regionvegskontoret ha høve til å uttala seg. Vedtak for arbeidsvarsling skal gjerast av kommunen langs kommunal veg.
Avfallshandtering
Bømlo kommune tømer med jamne mellomrom bossdunkar i tilknyting til kommunale bygg og anlegg.