Det er for tida redusert kapasitet på avdeling for byggesak. Kundar må rekna med at det tek ekstra tid å få svar på spørsmål og søknader.
Frå 15. april til 15. september er det generelt bålforbod i Noreg.
Inkludering er føremålet i år der Bømlo idrettsråd fordelar 132 335 kroner til barneidretten i Bømlo kommune.
Grendautvala i kommunen er i full gang med å arrangere sine årlege innspelsmøter. Dei inviterer inn bygdafolket til å møte kommunen sin administrasjon for å få orienteringar om kommunale planar og prosjekt, og kome med sine innspel til desse og ting dei sjølve er opptekne av.
Måndag 22. april kjem KS-konsulent Håvard Moe og held ope og gratis seminar i storsalen i Bømlo kulturhus. Han tek for seg “Ein kommune i endring – utfordringsbiletet for Bømlo kommune på kort og mellomlang sikt”.
Det er vedlikehaldsarbeid på både Stordabrua og Bømlabrua framover som fører til periodevise stengingar. Hald deg oppdatert så slepp du unødig og frustrerande ventetid.
Kvar fredag er Magnus Ørstavik ved Aktivitetstunet spent på om han får ein blå bil å vaska frå heimetenesta.
Framlegg til områderegulering for Kysthytte på Sakseid er lagt ut til offentleg ettersyn med merknadsfrist 21. mai 2024.
- Eg vonar at de vil inspirera andre lokale verksemder til også å miljøsertifisera seg, og at det er viktig sjølv for mindre verksemder. Det sa ordførar Morten Helland då han gratulerte og overrekte Flora Blomster AS provet på at dei no er miljøtårnsertifisert.
- Det er så mykje glede i denne jobben, smiler miljøterapeut Evy Bjørkheim. Kvardagen i Habiliteringstenesta byr på mykje humor, glede, utfordringar og stoltheit.