Me er alle ein del av beredskapen i Norge! - Eigenberedskapsveka 2023

Har du alt du treng for å klara deg sjølv i minst tre døgn viss vatn og straum plutseleg vert vekke eller butikkane ikkje får levert varar? 

30. oktober startar ei landsdekkjande kampanjeveke om eigenberedskap.

Slik blir du betre førebudd på alvorlege beredskapshendingar

Den landsomfattande «Eigenberedskapsveka 2023» blir gjennomført frå måndag 30. oktober til søndag 5. november. 

Tema for Eigenberedskapsveka dette året er ØVE. Me oppfordrar alle innbyggjarar til å øva og ta nødvendige grep for å styrkja eigenberedskapen. På sikkerhverdag.no ligg fire enkle øvingar som alle kan gjennomføra enkelt med mobiltelefonen.

På kommunen sine nettsider er det og tips og råd for beredskap generelt og for eigenberedskap.

Du er ein del av beredskapen i Norge 

Ved store hendingar og/eller kriser som rammar mange, kan ikkje alle få hjelp med ein gong. Då må styresmaktene prioritera hjelp til dei som treng det mest.    
Dette tyder at mange innbyggjarar må vere førebudde på å måtte klara seg sjølve i nokre dagar ved hendingar som t.d. straumbrot, viss dei mistar tilgangen på reint drikkevatn, telefonnettet/Internett er nede – eller det blir vanskeleg å koma seg ut for å handla.   
Dersom kvar einskild er førebudd på å klara seg sjølv etter dette eit viktig bidrag til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er kvar einskild person ein viktig del av beredskapen i Norge.

Heile Norge øver

Øving gjer meister. Det gjeld også for handtering av beredskapssituasjonar og krisar.

Eit godt råd er å snakka med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de skal handtera det som skjer. Øving skaper medvit og gir kunnskap og trening. Det gjer at me står betre rusta til å koma oss gjennom små og store kriser. 

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i landet å styrkja eigenberedskapen sin. Eigenberedskapsveka, som blir arrangert av DSB i samarbeid med kommunar, statsforvaltarar og sivilforsvarsdistrikt over heile landet, er ei god påminning til oss alle om å gjera fornuftige førebuingar slik at me kan klara oss sjølve i minimum tre dagar.  Du har truleg allereie mykje av det du treng for å klara deg sjølv nokre dagar, så ofte er det ikkje så mykje som skal til for at du og dine nærmaste blir litt betre førebudde.

Få lagrar vatn

DSB sin befolkningsundersøking viser at relativt få hushaldningar lagrar drikkevatn. Tilgang på reint vatn er noko av det viktigaste i ei krise. Også i Noreg opplever me hendingar der vatnet blir avstengd eller så forureina at me ikkje kan drikka det. Alle bør ha nokre dunkar med beredskapsvatn i bustaden. DSB anbefaler ni liter vatn per person i beredskapslageret ditt.

Gode råd

sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggjarar. Her finn du mellom anna døme på ting du bør ha i beredskapslageret heime for å klara deg i minst tre døgn.   
På Bømlo kommune sine nettsider ligg det informasjon og gode råd om eigenberedskap. Dette finn du under menypunktet «Samfunnstryggleik og beredskap».

Sjekk artikkel om eigenberedskap og 72 timar utan. Her finn du mange gode råd og tips, slik at du er betra rusta dersom krisen inntreff.

Meldingsfunksjonar

Eigenberedskap handlar og om korleis du kan halda deg oppdatert. Les meir om Nyttige lenkjer og naudnummer på Bømlo kommune sine nettsider.

Ikkje ver uroa – ver førebudd!

God beredskap handlar ikkje berre om kva du har i skapet, men også kva du har i hovudet. Det viktigaste er at du tenkjer gjennom kva som kan skje der du bur, korleis du og dei rundt deg kan bli råka, og korleis de saman kan handtera det som skjer. Finn ut om nokon kan trenga hjelp, og korleis du kan bidra.   
Gjer førebuingane no - ikkje vent til noko skjer!   
 

Til toppen