Beredskap i Bømlo kommune

Bømlo kommune arbeidar for å vera best mogleg førebudd på beredskaps-situasjonar som kan oppstå. 

Me gjer dette gjennom planarbeid og øvingar, og i samarbeid med mange andre aktørar for at innbyggjarane i Bømlo skal leva i eit trygt og godt lokalsamfunn. Ved ei uønska hending / beredskapssituasjon vil framsida til kommunen si nettside verte omgjort til beredskapsportal for å gje viktig informasjon til innbyggjarane og media.

Telefonnummer og informasjon

Naudnummer til naudetatane:  

Naudnummer. Brann: 110. Politi: 112. Medisinsk naudtelefon: 113 - Klikk for stort bilete

Brann - 110   
Politi - 112   
Medisinsk naudtelefon - 113
Naud-SMS for døve, høyrsle- og talehemma

 

Beredskapsplanverk

Bømlo kommune har beredskapsplanverk som vert brukt i beredskapssituasjonar. Administrativ del av beredskapsplanverket ligg på kommunen si nettside. Øvrig beredskapsplanverk er interne arbeidsdokument.

Du kan lesa om kva du sjølv kan gjera for å vera førebudd på beredskapssituasjonar her på nettsida:

 

Kommunal kriseleiing (KKL)
Ved ei beredskapshending kan kommunedirektøren avgjera at det skal etablerast ei kommunal kriseleiing i kommunen. Kommunal kriseleiing kan vera aktiv sjølv om det ikkje er ei krise, men heller ein beredskapssituasjon. Naudetatane og Hovudredningssentralen kan anmoda om at kommunal kriseleiing vert etablert, som støtte for redningsarbeid. Kommunal kriseleiing si oppgåve kan m.a. vera å gje støtte til pågåande arbeid på staden der beredskapshendinga har oppstått, samstundes som ein startar arbeidet med langsiktige verknader av beredskapshendinga. Dette gjeld både menneskelege og materielle verknader.

Dei nasjonale beredskapsprinsippa; likskaps-, ansvars-, nærleiks- og samvirkeprinsippet, vert nytta i Bømlo kommune sin organisering og utøving av beredskap.
Likskapsprinsippet medførar at den organisering ein organisasjon opererar med til dagleg og den som vert nytta i beredskapssituasjonear, skal vera så lik som mogleg.
Ansvarsprinsippet førar med seg at den som har ansvar for eit fagområde i ein normalsituasjon, også har ansvar for det samme området i beredskapssituasjonar.

I Bømlo kommune sin beredskapsorganisasjon er den politiske og den administrative leiinga vidareført i beredskapsorganisasjonen, jf. likskaps- og ansvarsprinsippet. Kommunal kriseleiing kan evt. forsterkast med relevant fagkompetanse, alt etter type beredskapssituasjon.

Tilfluktsrom og varsling av befolkninga

Det er ingen offentlege tilfluktsrom i Bømlo kommune, jf. kart over offentlege tilfluktsrom. Det er nasjonale myndigheiter som har gjort vurdering om at det ikkje er behov for offentlege tilfluktsrom i Bømlo kommune. Offentlege tilfluktsrom er plassert i byar og tettstader i «spesielt utsette områder» jf. opplysningar hos Sivilforsvaret. I 1998 fjerna myndigheitene kravet om at offentlege bygg må ha tilfluktsrom.

Det finnast nokre få private tilfluktsrom i kommunen. Desse er knytt til ein eigedom / eit bygg, og er berre til bruk for dei som oppheld seg i det aktuelle bygget og er derfor ikkje for ålmenta.

Sivilforsvaret har sireneanlegg (tyfonar) for varsling av befolkninga ved akutt fare. Rundt om i landet er det plassert ca. 1 250 varslingsanlegg, dei fleste i byar og tettstader, men det er ingen slike sireneanlegg i Bømlo kommune.

Adressebasert befolkningsvarsling

Bømlo kommunen har adressebasert befolkningvarsling. Systemet har ein integrert telefondatabase over alle personar over 16 år som har bustadsadresse i kommunen, i følgje Folkeregisteret. I tillegg er det ein organisasjonsdatabase med alle bedriftar/organisasjoner (frå Brønnøysundregisteret), samt en eigarbase (frå Statens kartverk) over alle som eig ein eigedom eller fritidseigedom.

Dersom du har mobiltelefon registrert på ein annan adresse enn bustad, som t.d. arbeidsgjevar si adresse, eller at du har hemmeleg telefonnummer, må du sjølv endra informasjonen via innbyggjarportalen elles vil du ikkje motta varsel på heimeadressa.
innbyggjarportalen kan du og leggja til fleire adressar du ønskjer varsling for, som t.d. nære slektningar som kan trenga hjelp og støtte.

Logg deg gjerne inn i innbyggjarportalen for å sjekka kva opplysningar som er registrert. Kommunen kan senda melding som sms og/eller talemelding til mobil- og fasttelefon og/eller e-post. Legg gjerne til e-postadresse også slik at kommunen kan senda meir utfyllande informasjon enn det som vert send som sms.

Innbyggjarportalen

Nasjonal naudvarslingsteneste på mobil

Om det oppstår ein alvorleg situasjon med akutt fare for liv og helse vil du få eit varsel på mobiltelefonen din med kort og viktig informasjon som fortel deg kva som skjer og kva du bør gjera. Nødvarsel er ei teneste frå norske styresmakter, og det er politiet eller Sivilforsvaret som kan senda ut slike varsel. Lær meir om naudvarsel på mobil.

Alvorlege hendingar kan oppstå brått. Då er det viktig at du raskt får informasjon om kva som skjer og kva du bør gjera. Nødvarselet består av ein kort tekst som fortel deg kva som skjer og kva du bør gjera. For å fange merksemda di vil telefonen vibrera og spela av ein høg, sireneaktig lyd. Når du får eit nødvarsel skal du lesa varselet og følgja rådet.

Nødvarsel er eit tillegg til dei kanalane som allereie er i bruk for å varsle befolkninga. I Bømlo kommune har me ikkje tyfonvarsling for å be folk oppsøkja informasjon ved ei alvorleg hending. Under ei slik hending vil viktig informasjon bli delt i mange kanalar som til dømes på radio, tv, nettaviser, styresmaktene sine eigne nettsider og på sosiale medium.

No vil eit nødvarsel bli sendt ut via mobilnettet til alle mobiltelefonar som kan ta imot slike meldingar, i løpet av nokre få sekund. Teksten i varselet vil vera på norsk eller engelsk, avhengig av kva for språkinnstilling du har på telefonen din. Om telefonen din stør tekst til tale, kan du også få varselet lese opp.

Nødvarsel brukar ikkje telefonnummeret ditt eller andre opplysningar om deg eller telefonen din. Du treng ikkje å registrere deg eller lasta ned ein app for å motta nødvarsel, og det er heilt gratis. Det du må hugsa på er å halda telefonen din oppdatert med nyaste programvare. På same måte som ein testar tyfonane kvart halvår, skal også Nødvarsel på mobil testast jamleg.

Til toppen