Budsjettprosessen i Bømlo kommune

Budsjettprosesser kan vere innvikla og vanskeleg å forstå. Her har me laga ein enkel oversikt over alle stega me skal igjennom før budsjettet for 2024 blir vedteke. Budsjett- og økonomiplan er namnet på vår fireårige handlings- og økonomiplan som også inneheld budsjettet for komande år.


Sjå Budsjett, velferdsplan og årsmeldingar

Kommunedirektøren sitt framlegg

23. oktober klokka 16:00

Kommunedirektøren presenterer og legg fram sitt forslag til budsjett og økonomiplan 2024-2027 for kommunestyret i Bømlo. Dette har heile organisasjonen jobba med i lang tid.

Etter denne presentasjonen er det dei folkevalde som tek over stafettpinnen og har ansvaret for at det vert vedteke eit årsbudsjett i balanse.

20.09.2023 11:00

Formannskapet si innstilling til kommunestyret

23. november klokka 09:00

Det er formannskapet som innstiller til kommunestyret til vedtak om økonomiplan og årsbudsjett (styringsdokument). Innstillinga frå formannskapet vert gjort offentleg minst 14 dagar før kommunestyret handsamar den. Møtet er ope for publikum.

20.09.2023 11:00

Kommunestyret vedtek budsjettet

11. desember klokka 16:00

Kommunestyret handsamar budsjettet i kommunestyremøtet 11. desember. Møtet er ope for publikum.

Når budsjett og økonomiplan for 2024-2027 er vedteke, er det kommunedirektøren som har ansvar for å gjennomføra vedtaka som er gjort.

Framsikt: Økonomiplan 2024-2027 - Kommunestyret sitt vedtak 11.12.2023

20.09.2023 11:00

Presentasjonar vist på budsjettkonferansen 30. mars 2023

Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter heldt sin opne budsjettkonferanse 30. mars 2023 i kommunestyresalen med tittelen  «Budsjett og økonomiplan 2024-2027 – korleis sikre økonomisk berekraft for Bømlo kommune». Her vil du finna faktagrunnlag, talmateriale, presentasjonar og framlegg som vil liggja til grunn for budsjettvedtak i kommunestyret 11. desember 2023.

«Økonomisk berekraft og politisk styring» - v/Olve Molvik - KS konsulent (PDF, 4 MB)

«Budsjett og økonomiplan 2024-2027 – korleis sikre økonomisk berekraft for Bømlo kommune?» (PDF, 5 MB)
v/kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter, økonomisjef Jarle Nakken og kommunalsjefar Bjørn Håvard Bjørklund, Kjell Magnar Mellesdal og Tone Stavland

Meir informasjon og faktagrunnlag

Bømlo kommune: - Me skal leva her om 30 år (nettartikkel frå budsjettkonferansen)

Bømlo kommune: Budsjett og velferdsplan

Bømlo kommune: Samfunnsutvikling - planar og verdiar

KS: Framtidsverkty

Litt meir om budsjettarbeidet

Forslaget til budsjett og økonomiplan for 2024-2028 (styringsdokument for Bømlo kommune) er resultatet av ein årleg prosess. Kommuneplanen, den vedtekne budsjett- og økonomiplanen for perioden, årsrekneskapen og årsrapporten gir føringar for prosessen. I tillegg får revidert statsbudsjett i mai, og statsbudsjettet i oktober, konsekvensar for kva som blir dei endelege rammene kommunen må forhalde seg til.

Kommunedirektøren utarbeider eit framlegg

I Bømlo kommune er det kommunedirektøren som utarbeidar eit framlegg som dei folkevalde deretter handsamar. Kommunedirektøren legg i sitt framlegg vekt på tiltak som fagleg og heilskapleg sett er forsvarleg, men som samstundes sørger for eit budsjett som har balanse mellom kjente inntekter og utgifter. Etter framlegginga for kommunestyret er det formannskapet som skal gje innstilling til vedtak i kommunestyret. Formannskapet innstiller til vedtak om økonomiplan, årsbudsjett, årsrekneskap og årsmelding. Økonomiplanen for dei neste fire åra og årsbudsjettet for det komande året skal vedtakast av kommunestyret før årsskiftet.

Styringsdokumentet er eit webdokument

Bømlo kommune bruker Framsikt – ei skybasert løysing til budsjettering, rapportering og politikarmedverknad. Det betyr at administrasjonen og dei folkevalde brukar denne løysinga gjennom heile prosessen. Kommunedirektøren sitt framlegg og etter kvart kommunestyret sitt vedtak finn du her så snart det er offentleg.

Framsikt 2024-2027

Trepartssamarbeid mellom partane

I Bømlo kommune samarbeidar dei folkevalde, kommunedirektøren/administrasjonen og dei tillitsvalde. Gjennom felles møtearenaer vert det lagt til rette for at dei tre partane skal vere gjensidig informert og ha høve til dialog og påverknad i prosessen fram mot eit vedteke budsjett.

Til toppen