Nestleiar Ola Svenneby (H), ordførarkandidat Bømlo Høgre Aslaug Skimmeland (t.h), Konstatin, Vidar Svendsen (Servogear), avdelingsleiar Joan Hansen på Basen, Dmytro, Marcus (Nesseplast), Liv Kari Eskeland leiar Stord Næringsråd, og Austevoll-ordførar Bente Kari Sletten Taranger.
Simon Knutsson Sortland
For andre handlar det først om noko endå meir grunnleggjande. Det å ha ein plass å gå til, folk å vera saman med og få tru på at ein framleis har noko å bidra med. Verdiskaping og inkludering stod på programmet då Ola Svenneby, nestleiar i Høgre, nyleg vitja Bømlo. Med i Høgre delegasjonen var også Høgre sin ordførarkandidat Aslaug Skimmeland, næringsrådsleiarane i Stord og Bømlo Liv Kari Eskeland og Ragnfrid Sønstabø og Austevoll-ordførar Bente Kari Sletten Taranger.
På Basen på Svortland fekk dei oppleva at det er mindre snakk om store ord og meir om korleis dette faktisk kan sjå ut. For vegen inn i arbeidslivet startar ikkje alltid med ein god CV og ein vellukka jobbsøknad. For somme startar han med å klara å møta opp ein morgon. Så ein morgon til. Få ei oppgåve, gjera henne ferdig og oppdaga at det gjekk heilt greitt. Kanskje til og med ganske bra. Det er mykje av tanken bak Basen.
– Eg hadde mest sannsynleg vore heime åleine
Marcus hadde vore utan arbeid i rundt to år då han fekk spørsmål om han ville prøva seg på Basen. Han sleit med utanforskap og hadde lite å fylla dagane med. På Basen blei det gras som skulle klippast, ved som skulle arbeidast med, hjelpemiddel som skulle køyrast ut og andre praktiske oppgåver som måtte gjerast. Men arbeidet var berre ein del av det Marcus fann der. Han fann folk.
– Det blei mange kompisar. Eg fekk meir tru på meg sjølv og fann ting eg likte å halda på med, fortalde han under besøket.
Etter tida på Basen fekk han jobb hos Nesseplast, der han framleis arbeider. Når han ser tilbake, er han ikkje i tvil om at Basen endra noko. - Viss eg ikkje hadde byrja på Basen, hadde eg mest sannsynleg vore arbeidsledig og heime åleine. Det er kanskje den enklaste forklaringa på kvifor eit slikt tiltak betyr noko. Ein jobb gir inntekt, men han gir også kollegaer, rutinar, meistring og ein grunn til å stå opp om morgonen.
Godt miljø ved Basen på Leite.
Basen
Arbeidsevna blir prøvd i arbeid
Basen er Bømlo kommune sitt eige arbeids- og avklaringstiltak ved Nav. Då tilbodet starta i 2011, var det først og fremst eit aktivitetstilbod. Femten år seinare er arbeidsfokuset langt tydelegare. Deltakarane skal få prøva seg, få ansvar og finna ut kva dei meistrar og kva som kan vera neste steg.
- Me meiner at arbeidsevna best blir avklart gjennom arbeid, seier avdelingsleiar Joan Hansen. Det betyr reelle arbeidsoppgåver og reelle forventningar. Folk skal møta opp, samarbeida med andre, ta ansvar, planleggja og løysa oppgåver. Samstundes får dei tilsette høve til å bli kjende med den enkelte over tid, ikkje berre gjennom eit møte eller eit skjema.
For somme går vegen vidare til jobb eller utdanning. For andre kan resultatet vera at ein finn ut at vegen må gå ein annan stad. - Ikkje alle skal nødvendigvis direkte ut i full jobb. Eit godt resultat kan også vera å finna ut kva som faktisk er realistisk. Poenget er at folk ikkje blir ståande fast, seier Hansen.
Basen er ikkje den same som i 2011
Noko av utfordringa til Basen er kanskje at historia heng litt igjen. I starten var tilbodet i stor grad knytt til menneske med rusutfordringar. Det er framleis eit bilete mange sit med, sjølv om Basen i dag ser ganske annleis ut. Her kan du møta unge som har falle ut av skulen, menneske som har vore lenge utan arbeid, folk med psykiske helseutfordringar og flyktningar som skal læra språk og finna seg til rette i norsk arbeidsliv. Nokon treng mykje oppfølging. Andre treng først og fremst ein stad å få prøva seg.
Felles for mange er at dei ikkje nødvendigvis er klare for å gå rett inn i ein vanleg jobb frå dag éin. Då kan det vera avgjerande at det finst ein stad med låg terskel der det er mogleg å byrja ein annan plass.
Arbeid mot utanforskap
Dette var noko Ola Svenneby festa seg ved under besøket. Samtalen dreidde inn på unge som står utanfor skule og arbeid, sosial angst og psykiske helseutfordringar. - For dei med sosial angst er det jo på ein måte medisinen å vera i jobb, sa Svenneby.
På Basen veit dei at vegen fram mot arbeid for nokon kan vera lang. Oppfølginga kan også handla om å bli med til lege, DPS, møte eller jobbintervju. Det er ikkje nødvendigvis nok å peika på ei ledig stilling og ønskja lukke til. - De gjer ein kjempejobb, sa Svenneby etter å ha høyrt om arbeidet og resultata.
Erfaringa på Basen er at det kan bli stadig tyngre å koma tilbake jo lenger ein blir sitjande heime. Difor er det viktig å koma i aktivitet før avstanden til arbeidslivet blir altfor stor.
Lærte norsk på jobb
Avdelingsleiar Joan Hansen og tidlegare tilsett Dmytro på Basen.
Simon Knutsson Sortland
For Dmytro frå Ukraina blei Basen noko heilt anna enn berre arbeidstrening. Då han kom dit, kunne han verken norsk eller engelsk. Han skulle finna seg til rette i eit nytt land og samstundes læra eit nytt språk. På Basen kom språktreninga med arbeidsdagen. Han hadde norske kollegaer rundt seg, måtte forstå beskjedar og snakka med folk. Det var språk, kultur og arbeid på same tid. - Når du jobbar, lærer du språk samtidig, fortalde han.
Dmytro var så oppteken av å bli integrert raskt at han saman med landsmannen Konstantin valde å arbeida gjennom sommarferien. Betalinga var ikkje det viktigaste, forklarte han. Han ville vera saman med folk og læra. Seinare arbeidde han som miljøarbeidar og hjelpte sjølv ukrainske flyktningar som kom til kommunen. Vegen gjekk vidare til Aker Solutions på Stord. I dag arbeider han offshore som stillasbyggjar.
Og norsken? Han snakkar godt. Med ein god dose lokal dialekt på kjøpet. Det lærer ein heller ikkje frå læreboka.
– Gud kor glad eg er for at me har deg med på laget
Men Basen kan gjera aldri så mykje godt arbeid. Skal folk vidare, trengst det arbeidsgivarar som er villige til å ta imot dei. Servogear er ei av bedriftene som har brukt arbeidstrening og Nav-ordningar aktivt i rekrutteringa. Produksjonssjef Roger Anglevik fortalde om Konstantin frå Ukraina, som kom inn i verksemda gjennom arbeidstrening.
På eit maskineringsmøte skulle dei løysa ei komplisert oppgåve. Rundt bordet kom forslaget raskt at den kunne Konstantin ta. - Gud kor glad eg er for at me har deg med på laget vårt, fortalde Anglevik at han hadde sagt. Det er kanskje den typen attest som veg tyngst.
Anglevik var samstundes tydeleg på at dette ikkje handlar om veldedigheit. Servogear treng arbeidskraft og kompetanse. Når bedrifta går inn i arbeidstrening og tilskotsordningar, er målet at det skal kunna enda med tilsetjing dersom kandidaten og jobben passar saman.
Men arbeidsgivaren må også leggja inn mykje. Folk skal lærast opp og følgjast opp, og det tek tid. Anglevik etterlyste derfor ordningar som gir bedriftene betre tid og større føreseielegheit.
Låg terskel betyr noko
Basen under arbeidsoppdrag på Finnås.
Basen
Dagleg leiar i Bømlo Næringsråd Ragnfrid Sønstabø peika på noko av det som skil Basen frå meir formelle arbeidsretta tiltak. - Dette er jo ikkje arbeidsførebuande trening. Dette er lågterskel, sa ho.
Det kan høyrast ut som ein liten forskjell. I praksis kan han vera stor. Basen kan få folk raskt i aktivitet og ta imot personar som ikkje nødvendigvis passar rett inn i meir standardiserte tiltak. Mellom andre kjem unge med aktivitetsplikt hit.
Sønstabø, som også er varaordførar, meiner kommunen må ta vare på tilbodet, også i ei tid der Bømlo er i ROBEK og må snu på mange kroner. - Det er utruleg bra at me har dette. Me skal i alle fall kjempa for at det skal bestå, sa ho.
I samtalen kom også ventetid på andre arbeidsretta tiltak opp. Her er ein av fordelane med Basen at vegen frå behov til aktivitet kan vera kort. Når nokon alt står i fare for å falla ut, kan tid bety ganske mykje.
Resultata er meir enn tal
I 2025 var 33 personar innom Basen. Nokre gjekk vidare til ordinært arbeid, andre til kvalifiseringsprogram, vidaregåande opplæring eller andre tiltak. Så langt i 2026 har deltakarar gått vidare til mellom anna ordinært arbeid, læreplass, vidaregåande opplæring og folkehøgskule. - Det er tal det er verd å merka seg. Men dei fortel ikkje heile historia, understreka avdelingsleiar Hansen.
Dei fortel ikkje om han som etter lang tid heime byrjar å møta opp kvar morgon. Om ho som vågar å snakka norsk med ein kollega. Om ungdommen som ikkje fann seg til rette på skulen, men som viser seg å vera svært god når han får noko praktisk mellom hendene. Eller om Marcus, som gjekk frå å vera arbeidsledig og mykje åleine til fast arbeid og eit større nettverk rundt seg.
Nyttig også for kommunen
Basen får ikkje eigne driftstilskot frå Nav. Tiltaket har eit avgrensa kommunalt budsjett og tener inn ein stor del av drifta gjennom oppdrag for kommunen, offentlege verksemder og private aktørar. Deltakarane utfører mellom anna oppgåver for hjelpemiddellageret, Bømlo bu- og helsesenter, Bømlo kulturhus, Flyktningtenesta og lokale verksemder. Dermed får kommunen utført arbeid som uansett må gjerast, samtidig som deltakarane får erfaring frå ein reell arbeidsdag.
Treng fleire bedrifter med på laget
Politisk besøk på Basen med nestleiar i Høgre Ola Svenneby flankert av ordførarkandidat Aslaug Skimmeland (t.v) og Liv Kari Eskeland som og er leiar i Stord Næringsråd. Ytterst til venstre ordførar i Austevoll Bente Kari Sletten Taranger og Ragnfrid Sønstabø, dagleg leiar i Bømlo Næringsråd. Frå basen stilte avdelingsleiar Joan Hansen og tidlegare tilsette Konstantin og Marcus (bak). o
Simon Knutsson Sortland
Liv Kari Eskeland frå Stord Næringsråd peika under besøket på at dette ikkje kan vera Nav og kommunen sitt ansvar åleine. Næringslivet må vera med dersom fleire skal få ein reell veg inn i arbeid. - Fleire bedrifter må vita kva ordningar som finst, og dei må vera villige til å gi folk ein sjanse. Næringsråda kan bidra med møteplassar og informasjon og få fleire arbeidsgivarar på banen, meiner ho.
For det er først når nokon opnar døra til den ordinære arbeidsplassen at mykje av jobben på Basen får den avslutninga alle håpar på. Servogear og Nesseplast viser at det kan fungera. Basen har halde på sidan 2011. Mykje har endra seg på dei femten åra.
Men folk treng ikkje alltid fleire forklaringar på kva dei ikkje kan. Dei treng ein plass der dei får visa kva dei kan. Basen viser at dei lever opp til valspråket sitt: Arbeid er målet. Meistring er vegen. Relasjonane er fundamentet.
Kort om Basen
- Basen er Bømlo kommune sitt arbeids- og avklaringstiltak ved Nav og starta i 2011.
- Målet er å få fleire innbyggjarar i arbeid, utdanning eller vidare til ei avklaring som passar situasjonen deira.
- Deltakarane får reelle arbeidsoppgåver og tett individuell oppfølging.
- Basen utfører betalte oppdrag for mellom andre hjelpemiddellageret, Bømlo bu- og helsesenter, Bømlo kulturhus, Flyktningtenesta, Elkjøp og lokale verksemder.
- I 2025 hadde Basen 33 deltakarar. Dei gjekk mellom anna vidare til ordinært arbeid, kvalifiseringsprogram, vidaregåande opplæring, andre Nav-tiltak eller avklaring av rettar.
- Så langt i 2026 har deltakarar gått vidare til mellom anna ordinært arbeid, læreplass, vidaregåande opplæring, folkehøgskule og andre arbeidsretta tiltak.
- Basen får ikkje eigne driftstilskot frå Nav. Store delar av drifta blir finansiert gjennom betalte oppdrag.
Arbeid er målet. Meistring er vegen. Relasjonane er fundamentet.
Velkommen til basen (PDF, 2 MB)