Ungdom treng møteplassar der dei kan kjenna seg velkomne, prøva noko nytt og oppleva at dei høyrer til. No inviterer Bømlo kommune lag og organisasjonar til å vera med i prosjektet «Me høyre te» 2026 til 2027.
Prosjektet skal styrkja inkludering, fellesskap og demokratiske verdiar blant ungdom i alderen 13 til 24 år. Me ønskjer aktivitetar som gir rom for meistring, kreativitet og gode opplevingar saman med andre.
Kvifor er dette viktig?
Ungdata 2024 og tilbakemeldingar frå skulane peikar på utfordringar knytte til mobbing, rasisme og stygt språk.
Sjå også #ordetfangar
Med «Me høyre te» vil me skapa fleire inkluderande møteplassar for ungdom på Bømlo. Målet vårt er mellom anna å motverka utanforskap, hatprat og negative haldningar. Me ynskjer å skapa auka mangfald og toleranse, og ikkje minst gi ungdom rom til å vera seg sjølve og uttrykkja seg på ulike måtar.
Prosjektet blei også gjennomført i 2025, og deltakarane gav svært gode tilbakemeldingar. No håpar me endå fleire vil vera med og skapa aktivitetar i 2026.
Vil du vera med?
Me inviterer lag, organisasjonar og andre frivillige aktørar til å utvikla og gjennomføra aktivitetar for ungdom mellom 13 og 24 år. De treng ikkje passa inn i ei smal ramme. Tvert imot ønskjer me breidde, nye idear og aktivitetar som ungdom ikkje møter så ofte i kvardagen.
Tidlegare workshopar har til dømes vore innan kunst og kreative uttrykk, musikk og låtskriving, dans, teater og scenekunst og redesign, naturkunst og handverk.
Bømlo ungdomsråd har også peika på aktivitetar som band, baking og matlaging, dansekurs for 10. klassingar, graffiti, friluft, crossfit og HIIT, og volleyball.
Har de ein annan idé som kan samla ungdom, skapa meistring og styrkja fellesskapen? Då vil me gjerne høyra frå dykk.
Aktivitetar me ynskjer
For at ein aktivitet skal passa inn i prosjektet, må han vera open og inkluderande for ungdom 13 til 24 år, gratis for deltakarane og lett å vera med på. Den må gjerne vere nyskapande eller annleis enn det ungdom vanlegvis får tilbod om, og bygd opp slik at ungdom får kjenna på meistring og tilhøyrsle. Gjerne knytt til temaet «Me høyre te» på ein naturleg måte.
Aktiviteten må også ha ei lengd på minst fem undervisningstimar på 45 minutt. De kan gjerne leggja opp aktiviteten over fleire dagar eller kveldar. De kan søkja om økonomisk støtte til å gjennomføra aktiviteten. Det kan søkjast om inntil kr. 15 000 kroner til aktivitetane/workshopane.
I første omgang treng me ei tilbakemelding i frå dei som kan tenkja seg å vera med. Send ei kort tilbakemelding om ideen dykkar/eller at de ønskjer å gjennomføra noko.
Frist for innsending av idear er fredag 19. juni 2026 - men send ei melding dersom det vert for knapt.
Det blir halde eit informasjonsmøte om prosjektet og søknad om medverknad den 24. august kl. 18:00.
Frist for å sende fullstendig søknad: 31. august 2026
Kontakt oss
Kontaktinfo til rådgjevar folkehelse og friviljugheit Johanne Kristiansen
E-post: Johanne.Kristiansen@bomlo.kommune.no
Mobil: 453 82 642