Om prosjekt «Me høyre te» 2026
teaterworkhop 2025
John Henrik S.Sæter
“Å høyre te handlar ikkje berre om å vera med. Det handlar om å kjenne at det er plass til deg”
«Me høyre te» er eit prosjekt i Bømlo kommune. Prosjektet skal bidra til at fleire ungdomar kjenner seg trygge, inkluderte og som ein del av fellesskapet.
I 2026 samarbeider Bømlo kommune med lag og organisasjonar om aktivitetar for ungdom. Målet er å skape gode møteplassar der ungdom kan delta, prøve noko nytt og møte andre.
Prosjektet har fått støtte frå Konfliktrådet
Bømlo kommune har fått pengar frå Sekretariatet for konfliktråda. Pengane skal brukast til arbeid som kan hindre at unge fell utanfor og blir trekte mot miljø med hat, truslar eller vald.
Ordninga handlar om å gi unge gode fellesskap, meir kunnskap og fleire trygge vaksne rundt seg. Ho skal også bidra til mindre hatprat og meir respekt for kvarandre.
«Me høyre te» passar inn i dette arbeidet. Prosjektet skal gi ungdom fleire trygge stader å vere, fleire gode vaksne å møte og fleire opplevingar der dei kan få det til og kjenne at dei høyrer til.
Kva handlar prosjektet om?
Prosjektet gir ungdom fleire måtar å vise kven dei er og kva dei er interesserte i. Aktivitetane kan til dømes handle om musikk, kunst, dans, teater, friluftsliv, matlaging, idrett eller andre interesser.
Det viktigaste er ikkje kva aktiviteten heiter, men kva han kan bety for ungdomane som er med. Prosjektet skal gi plass til gode opplevingar, fellesskap, kreativitet og kjensla av å få til noko.
Kvifor gjer me dette?
Mange ungdomar i Bømlo har gode vener, trygge vaksne og aktivitetar dei trivst med. Samstundes er det ungdomar som kjenner seg utanfor, eller som opplever mobbing, rasisme, hatprat eller sårande språk.
Prosjektet handlar om at alle skal bli møtte med respekt. Bømlo skal vere ein stad der ungdom kan vere seg sjølve, bli tekne godt imot og kjenne at dei høyrer til.
Kven er prosjektet for?
Prosjektet er for ungdom frå 13 til 24 år i Bømlo. Det er både for ungdom som allereie har funne ein plass i fellesskapet, og for ungdom som treng ein ny veg inn. Målet er å gjere rommet for deltaking større, slik at fleire kan kjenne at dei høyrer til.
Bilde laga på workshop hos Bømlo Ten Sing 2025
Johanne Kristiansen
Kvifor er lag og organisasjonar viktige?
Lag og organisasjonar er viktige for lokalsamfunnet. Dei skaper aktivitet, møteplassar og fellesskap, og kjenner både nærmiljøet og mange av ungdomane som bur her.
I prosjektet samarbeider kommunen med lag og organisasjonar. Saman kan me lage aktivitetar der ungdom får vere med på sin måte, bli kjent med andre og kjenne at dei er ein del av noko.
Når kommune, frivillige og lokalsamfunn jobbar saman, kan fleire ungdomar få gode opplevingar, trygge vaksne rundt seg og stader der dei kjenner at dei høyrer til.