Bli med på servicekurs: Korleis gje god service til personar med demens?

Bømlo kommune har sidan 2024 samarbeidd med Nasjonalforeningen for folkehelsen om å bli ein demensvenleg kommune. No inviterer me til eit praktisk, nyttig og gratis servicekurs for tilsette i både offentleg og privat servicenæring.

ung dame viser eldre kvinne infoskjerm - Klikk for stort bileteNytt kurs for offentleg og private servicenæringar om Korleis gje god service til personar med demens? KI-generert

Å vera ein demensvenleg kommune handlar om at menneske med demens skal møta forståing, respekt og støtte i kvardagssituasjonar. Når personar med demens og deira pårørande blir møtte på ein trygg og god måte, kan det bidra til meir tryggleik, fridom og likeverd – og gjera det lettare å leva aktive liv lengst mogleg.

Auka kunnskap om demens blant tilsette i servicenæringa kan gjera ein stor forskjell. Det kan gjera det enklare for personar med demens å handla, ta taxi, kommunisera med det offentlege, vera fysisk aktive og delta på kultur- og fritidsaktivitetar som kino og konsertar. Samstundes kan kurset gjera arbeidskvardagen enklare for tilsette i ulike serviceyrke.

Gratis kurs for servicenæringar

Bømlo kommune og Bømlo Demensforening ønskjer difor å bidra med meir kunnskap og tryggleik gjennom eit gratis kurs for servicenæringa.

På kurset får de informasjon om demens, konkrete døme på situasjonar som kan oppstå i møte med kundar eller brukarar, og råd om korleis ein kan handtera desse på ein god måte. Det blir òg informasjon om arbeidet med demens i Bømlo, og det blir sett av tid til spørsmål. Kurset er gratis og varer om lag ein time.

Verksemder som deltek med meir enn 50 prosent av dei tilsette som har kundekontakt, får ei stadfesting på at verksemda har gjennomgått opplæring i demensvenleg samfunn og støttar opp om dette viktige arbeidet.

Kursa er planlagde gjennomførte fleire gonger. Dersom datoen ikkje passar, men verksemda likevel ønskjer å delta, kan de registrera dykk i påmeldingsskjemaet. Då får de informasjon når ein ny kursrunde blir planlagd.

Ta ansvar for god service – meld verksemda på kurset i dag. Saman kan me gjera Bømlo meir demensvenleg, tryggare og meir inkluderande for innbyggjarar, kundar og pårørande. 

Vil du vita meir om Bømlo kommune sitt tilbod til menneske med demens og deira pårørande? 

Tid og dato:

17.09.2026 kl. 09:00-10:30       15 plassar 
15.10.2026 kl. 09:00-10:30       15 plassar 
15.10.2026 kl. 17:00-18:30        8 plassar

Stad: Alle kursa finn stad på Bømlo folkebibliotek, Bremnes

Påmelding: Meld dykk på skriftleg seinast tre dagar før kurset skal finne stad via PÅMELDING KURS 

NB: Kursa kan bli avlyste dersom det er færre en 5 påmelde.   

Har du spørsmål om kurset? Ta kontakt med:
Demenskoordinator Anna Iren S. Stavland
Mobil: 482 90 113 / Telefon:  53 42 34 70
Send e-post