Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter (framme t.v) leia Bømlo kommune sin innsats saman med Statsforvaltaren i Vestland på teams under "Norge øver" måndag.
Simon Knutsson Sort
Dette var blant spørsmåla då Bømlo kommune og lokale beredskapsaktørar måndag deltok i heildagsøvinga «Norge øver», som er ei nasjonal diskusjonsøving for kommunane. Målet er å gi større kunnskap om rolla og ansvaret i ein tryggingspolitisk krise eller krig. Også i slike situasjonar skal kommunane ta vare på tryggleiken til innbyggjarane og levera kritiske tenester.
I beredskapssituasjonar må kommunane ha fungerande styring og leiing og samordna aktørane som har beredskapsoppgåver lokalt.
Statsforvaltaren leia øvinga, som samla kommunane digitalt og til lokale diskusjonar. Saman med Bømlo deltok Stord, Fitjar, Tysnes, Austevoll, Sveio, Kvinnherad, Askøy, Alver, Etne, Masfjorden, Bjørnafjorden og Stad.
Mange må løysa hendingar saman
I Bømlo deltok representantar frå kommunen, politiet, brann og redning, kraft- og vassforsyninga, Heimevernet, Helse Fonna og Bømlo Røde Kors. Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter leia dei lokale diskusjonane.
Deltakarane drøfta korleis mangel på arbeidskraft, transportproblem og svikt i straum, kommunikasjon og forsyningar kan råka kritiske tenester. Øvinga skulle gjera aktørane betre kjende med kvarandre, avklara roller, finna sårbarheiter og drøfta kva dei må prioritera dersom ei alvorleg krise varer lenge.
– Me må gjera oss kjende med kvarandre og forstå rollene våre og kva tenester dei ulike aktørane leverer. Kva fell på oss dersom noko skjer? Og dersom det skjer i morgon, kva er me minst og mest førebudde på? sa Kjetil Aga Gjøsæter.
Krig endrar tilgangen på ressursar
I ein tryggingspolitisk krise eller krig skal kommunen framleis levera grunnleggjande tenester. Samstundes kan Heimevernet bli kalla ut, og politiet kan måtta bruka store ressursar på tryggingsoppgåver. Personell, køyretøy, utstyr og forsyningar kan også gå til andre formål. Kommunen kan dermed få færre ressursar samtidig som behovet for hjelp aukar. Det gjer det viktig å avklara ansvar og samarbeid på førehand. Når ei alvorleg hending først har oppstått, kan det vera for seint å finna ut kven som skal gjera kva.
Fungerande samfunnstenester og god eigenberedskap er begge viktige for den samla motstandskrafta. Kommunen må halda tenestene i gang, medan innbyggjarane må vera førebudde på at kvardagen kan bli svært annleis.
Langvarig bortfall kan råka heile samfunnet
Langvarig bortfall av straum, mobilnett eller internett kan få store konsekvensar, også i fredstid. Straumbrot råkar meir enn lys og oppvarming. Betalingssystem, elektroniske låsar, alarmar, digitale arbeidsverktøy og delar av mobil- og datanettet kan slutta å fungera. Kommunen kan få problem med å nå innbyggjarane, og tilsette kan mista tilgangen til viktige system.
Butikkar kan få vanskar med å halda ope, og drivstoffpumpene kan stoppa sjølv om tankane har drivstoff. Det kan hindra tilsette i å koma på jobb og skapa problem for heimetenesta, skuletransporten og vareleveringa. Næringslivet kan få problem med drifta. Bønder og andre som har ansvar for dyr, er mellom anna avhengige av straum, vatn, fôr, ventilasjon og transport.
Når fleire system sviktar samtidig, kan problema spreia seg raskt.
Vatn og avløp krev fungerande forsyningar
Ove Andre Sønstabø Vedøy bemanna BVA sin naudvannstasjon på kaien i Rubbestadneset.
Simon Knutsson Sortland
Vass- og avløpstenestene er avhengige av straum, drivstoff, kjemikaliar, reservedelar, transport og personell. Ved langvarig bortfall kan kommunen få problem med å produsera og distribuera drikkevatn og handtera avløp. Uvisse om kor lenge situasjonen vil vara, gjer det vanskelegare å fordela ressursane.
Skulen held kritiske tenester i gang
Skulane kan halda ope så lenge temperatur, vatn og andre forhold er forsvarlege. Dersom kapasiteten blir redusert, kan kommunen måtta prioritera dei yngste elevane, som ikkje kan vera heime åleine. Eit skuletilbod gjer det lettare for føresette å møta på jobb i helse- og omsorgstenestene, brannvesenet, vassforsyninga og andre kritiske tenester.
Mangel på drivstoff og transport kan likevel hindra elevar og tilsette i å koma seg til skulen. Kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer peika på at skulane har erfaring med å snu seg raskt rundt, slik dei gjorde under pandemien.
Personell kan bli den knappaste ressursen
Ei alvorleg og langvarig krise kan gi fleire pasientar og større behov for helse- og omsorgstenester. Kommunen kan måtta auka kapasiteten, men treng då personell, medisinsk utstyr og forsyningar. Tilgangen på legar, sjukepleiarar og anna kvalifisert personell kan bli særleg utfordrande. Dersom tilsette ikkje kjem seg på jobb, kommunikasjonen fell ut eller fleire treng pleie, må kommunen prioritera ressursane strengare.
Heimebuande med store hjelpebehov kan bli særleg sårbare. Heimetenesta er avhengig av transport, kommunikasjon, medisinsk utstyr og journalar. Kommunen kan bli nøydd til å samla dei sjukaste brukarane for å nytta personellet best mogleg.
– I ei slik krise må me sjå på korleis me kan auka kapasiteten og tilgangen på personell og samtidig sikra rett kompetanse, sa kommunalsjef for helse, sosial og omsorg Monica Smedsrud.
Eigenberedskap styrkjer motstandskrafta
Stands i Bømlo kulturhus som syner kva du treng i ditt eigenberedskapslager.
Simon Knutsson Sortland
Mange bustader er heilt avhengige av straum til oppvarming og matlaging. Ved eit langvarig straumbrot kan folk mista lys, varme og tilgang til varm mat. Det kan bli vanskeleg å handla, betala, lada telefonen eller bilen og få tak i medisinar.
Lær meir om eigenberedskap her
Når innbyggjarane har vatn, mat, medisinar, lys, varme og nødvendig utstyr til å klara seg den første tida, blir presset på kommunen mindre. Då kan kommunen i større grad hjelpa dei som ikkje kan ta vare på seg sjølve. Når fleire kan ta vare på seg sjølve og hjelpa familie, vener og naboar, står lokalsamfunnet sterkare i ei langvarig krise.
Erfaringane frå øvinga skal hjelpa kommunen med å spissa planverket og vurdera behovet for reservestraum, materiell, bemanning og alternative informasjonskanalar.
Les meir om «Norge øver» hos DSB
MERK: Måndag 26. oktober startar Eigenberedskapsveka 2026. Me kjem med mykje god informasjon i løpet av den veka - så følg med.