Budsjettframlegg direkte til kommunestyret

Formannskapet vedtok samrøystes å innstilla kommunedirektøren sitt framlegg for årsbudsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029 til endeleg vedtak i kommunestyret sitt budsjettmøte 8. desember. Partia vil kome med sine endringsforslag då. - Det er vanskeleg å kome med eigne budsjettframlegg når alt er så usikkert og me ikkje veit kva rammevilkår me vil få frå Statsbudsjettet, sa ordførar Morten Helland.

slides med innrama bilete av føredragshaldar - Klikk for stort bileteKommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter legg fram sitt forslag til årsbudsjett og økonomiplan 2026-2029. Skjermdump Bømlo kommunetv

- Det har over tid utvikla seg ein litt uheldig praksis der me ikkje får synleggjort politiske endringar som vil påverke innbyggjarane eller våre tilsette når me legg ut budsjettframlegget til offentleg høyring, meiner ordførar Morten Helland. Med all uvissa og ei mindretalregjering må me rekna med at dette også vert malen dei fire komande åra. Me jobbar nesten i blinde utan å vite kva som vert rammevilkåra og vedtak sentralt som får direkte påverknad på vårt budsjett, la han til.

Formannskapsmedlemene kjende seg att i dette og diskuterte ulike måtar å jobba fram budsjettet på. Dei kom med nokre signal om kva dei ville prioritere, men heilskapen får me først 8. desember. Ingen ynskjer i utgangspunktet å auka eigedomsskatten slik kommunedirektøren føreslår. Ny skattesats er føreslegen auka med 0,5‰ til 3,7‰ for bustadar og fritidseigedomar, og 5,0‰ for næringseigedomar. Alle røysta likevel for dette. Bjørn Asle Teige frå Senterpartiet fremja eit tilleggspunkt om å auka eigedomsskatten dei to første åra for deretter å skru den tilbake til dagens nivå dei to siste åra i planperioden. Dette fekk berre Sp si eiga røyst. 

Møteinnkalling og protokoll formannskapsmøtet 13.11.2025

Stramt handlingsrom

I sakutgreiinga peikar kommunedirektøren på at netto driftsresultat for 2026 er budsjettert til 24,545 mill. kr, som skal dekka inn tidlegare års meirforbruk. For 2027–2029 er netto driftsresultat budsjettert til høvesvis 11,6 mill., 34,5 mill. og 0,478 mill. kr. Det betyr eit stramt handlingsrom grunna at kommunen har svak likviditet og vil vere avhengig av kassakreditt gjennom heile planperioden. Dei demografiske endringane i samfunnet gjer det naudsynt å omdisponera ressursar frå barn og unge til eldreomsorg.

Kommunen sin økonomi er stram og handlingsrommet er svært avgrensa i dei nærmaste åra. Likviditeten er svak og kommunen vil i heile planperioden være avhengig av kassakreditt for å kunne dekka dei økonomiske forpliktingane sine. I framlegget til vedtak føreslår kommunedirektøren difor at kommunen kan ta opp trekkrett/kassakreditt på inntil 100 mill. kr. Oppbygging av disposisjonsfondet bør derfor ha første prioritet i åra framover til kommunen sin økonomi er i balanse og kommunen har gjenvunne den økonomiske handlefridomen. 

I budsjettframlegget er det forslag om å busetje 35 flyktningar i 2026, å ta opp inntil 35,32 mill. kr i lån til investeringar i bygg, anlegg og utstyr, samt eit kommunalt tilskot på 3 647 000 kroner til Bømlo kulturhus KF som også omfattar husleige for Kulturskulen og Biblioteket 

Framsikt - for budsjett og økonomiplan

Sjå også artikkelen: Legg opp til pluss i budsjettet for 2026

Formannskapet tilrår òg kommunestyret å gi Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS ( BVA ) kommunal garanti for låneopptak på 25 mill. kr for å finansiera investeringar som skal gjennomførast i vatn og avlaupsanlegg i 2026. Risikoen ved å gje garanti til BVA AS er slik kommunedirektøren vurderer det liten.
 

Formannskapet si innstilling til kommunestyret for årsbudsjett 2026 og økonomiplan 2026–2029

1. Kommunestyret vedtek årsbudsjett 2026 og økonomiplan for åra 2026 – 2029 slik det ligg føre/med desse endringane: 
2. Kommunestyret vedtek i samsvar med innstilling frå kontrollutvalet følgjande budsjettramme for kontroll og tilsyn i kommunen: kr 1 793 000. 
3. Skattøre vert sett lik maksimal sats i samsvar med Stortinget sitt vedtak om kommunale skattøre. 
4. Kommunestyret vedtek følgjande eigedomsskattevedtak
     a. I medhald av eigedomsskattelova §§ 2 og 3 bokstav a) skal følgjande utskrivingsalternativ for eigedomsskatt nyttast for skatteåret 2025: Eigedomsskatt på faste      eigedomar i heile kommunen.
     b. Skattesatsen vert sett til 3,7 ‰ av takstverdet for bustader og fritidseigedomar. Skattesatsen vert sett til 5,0 ‰ av takstverdet for næringseigedom og ubebygd      grunneigedom.
     c. I medhald av eigedomsskattelova § 7a og b gir kommunestyret fritak for eigedomsskatt for 2026 til eigedomar tilhøyrande stiftingar eller institusjonar som tek        sikte på å gagne ein kommune, eit fylke eller Staten og eigedomar av historisk verde. Dei eigedommane som etter eigedomsskattelova §7 har fått fritak i tidlegare      år får fritak for eigedomsskatt i 2026.
     d. Ved utskriving av skatt på bustadeigedommar nyttar kommunen skatteetaten sitt formuesgrunnlag for dei bustader kor dette er berekna (eigedomsskattelova 8      C-1)
     e. Takstar som følgje av almen taksering gjennomført i 2022 skal nyttast på alle eigedommar som ikkje er omfatta av skatteetaten sitt formuesgrunnlag.
     f. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen tidlegare vedtekne skattevedtekter.
     g. Eigedomsskatten skal betalast i 12 terminar. 
5. Kommunestyret vedtek å ta opp inntil kr 30 000 000 i startlån til vidare utlån. Lånet er innarbeida i investeringsbudsjettet for 2026. Kommunedirektøren får fullmakt til å ta opp lånet i Husbanken. 
6. Kommunestyret vedtek å ta opp inntil kr 35 320 000 i lån til investeringar i bygg, anlegg og utstyr Jfr. Kommunelova §14-15. Lånet inngår i kommunen si samla låneportefølje. Lånegjelda skal nedbetalast med minimumsavdrag, jfr kommunelova § 14-18. Kommunedirektøren får fullmakt til å ta opp lån, jfr. kommunen sitt finansreglementet. Kommunestyret vedtek at låneporteføljen til kommunen, og alle lån i porteføljen kan refinansierast i budsjettåret. Kommunedirektøren står fritt til å betale budsjetterte avdrag på dei lån han finn føremålstenleg, uavhengig av opphavleg vedtak. 
7. Kommunedirektøren får fullmakt til å fordele lønnsreserven I samsvar med resultatet av lønnsforhandlingane for 2026. Kommunedirektør får fullmakt til å endra driftsbudsjettet mellom rammeområda der endringane er av budsjett-teknisk og ikkje-prinsipiell karakter. 
8. Kommunestyret vedtek å busetje 35 flyktningar i 2026
9. Kommunestyret vedtek kommunalt tilskot med kr 3 647 000 til Bømlo kulturhus KF. Tilskotet omfattar husleige for Kulturskulen og Biblioteket 
10. Kommunestyret vedtek å ta opp trekkrett/kassakreditt i Sparebank1 Sør-Norge med ei ramme på inntil 100 mill. kr. Kommunedirektøren får fullmakt til å disponere trekkretten.