- Det hastar med omstilling

- Etter ein 25 år lang kommuneopptur i Norge kjem no Den perfekte storm som gjer at også Bømlo kommune er i ferd med å gå på ein kjempesmell. Det vil framover handla meir om mangel på folk enn om mangel på pengar, men først og fremst handlar det no om mangelen på tid, seier Håvard Moe. 

mann held føredrag på scene med slides på storskjerm - Klikk for stort bileteHåvard Moe frå KS Konsulent AS meiner strukturdebattane framover vil må ta utgangspunkt i tilgang på kvalifisert arbeidskraft. Simon Knutsson Sortland

Ordførar Morten Helland ynskte velkomen om lag 90 tilhøyrarar til Håvard Moe, seniorrådgiver i KS konsulent, sitt føredrag «Fremtidens Bømlo: Kommunescenarier 2040 – Eit land i endring» (PDF, 6 MB) i Bømlo kulturhus måndag 22. april. Han opna med at alvoret no er i ferd med å slå innover oss. 

- Me har store utfordringar mellom anna innan barnehage, fastlegar, barnevern og habiliteringstenesta. Endringa i aldersamansetjinga i befolkninga vil heilt klart påverka samansetjinga av tenestene våre, seier ordføraren. 

Han peika likevel på at Bømlo har mange fortinn. Næringslivet har fleire føter å stå på, god infrastruktur med Bømlopakken, kommunen ligg bra an på investeringssida og leverer gode tenester. Ikkje minst er det stor aktivitet i alle bygdene våre. 

Mindre folk – store forventningar

Håvard Moe innleia sitt to timer lange føredrag med å lova mange dårlege nyhende. Trøysta hans var at me vil fiksa det.

Moe peika på at dei siste 25 åra har kommune-Norge opplevd ein lang opptur grunna ein kraftig aukande oljeformue, teknologisk utvikling, ei forbetring i folkehelsa, relativt god tilgang på arbeidskraft og eit stort kompetanseløft. Men no er den Perfekte storm på veg. 

I seg har den løns-og prisvekst, mindre skatteinngang, renteauke, auke i sosialhjelp, «eldrebølgen» som slår til, auka pensjonskostnadar, sentralisering og «yngrebølga» i form av minkande folketal i 50 prosent av kommunane som gir reduserte inntekter.

- Framover vil me få mindre tilgang på arbeidskraft og større forventningar til tenestetilbodet. Me har den beste velferdsstaten i verda og pengar på bok, men dette kan me ikkje kjøpe oss ut av. 

Skattesvak kommune

Moe forklarte korleis utviklinga har vore fram til no, korleis den kommunale økonomien er bygd opp med rammetilskot og utjamningssystemet, og kva han meiner me kan forventa oss framover. Han peika på at det er store skilnader i kommune-Norge, og at ressursane på ingen måte er likt fordelt. 

Bømlo kommune har hatt to ekstraordinære gode skatteår i 2021 og 2022, men er likevel ein skattesvak kommune. Netto driftsresultat har i perioden 2020-2023 blitt redusert frå 1,7 til minus 3,9 prosent. 

Disposisjonsfondet, eller «sparepengane våre», er i same periode brukt opp til drift. Lånegjelda er noko redusert. Samla fører dette til at Bømlo kommune må gjere store endringar i drifta si for å unngå å hamne på ROBEK-lista og dermed under statleg administrasjon. 

Kraftige omstillingar tvingar seg fram

- Bømlo kommune har hatt vekst i både folketalet og i næringslivet, likevel er de på full fart inn på ROBEK-lista. Det kan vitna om vanstyre. Likevel, om ikkje Bømlo kommune skal klare det, kven skal då klare det, spurte Moe. 

Han gav svaret sjølv. – De må omstilla kraftig dei neste 3-5 åra. Innan fire år vil de få over 100 nye tenestemottakarar i alderen 80 pluss. Det blir eit stort mistilhøve mellom tilgang på arbeidskraft og del tenestemottakarar. Sjølv om alle som reiser ut for å ta utdanning kjem tilbake til Bømlo, vil de mangla arbeidskraft.

Moe forklarte kva endringar kommunen vil få på dei ulike sektorane som følgje av demografiske endringar. Vidare om dei tre store kostnadsdrivarane i kommunal tenesteproduksjon. Det er effektivitet/produktivitet, struktur og nivå/terskel for å få tildelt tenester. Han meinte det er mogleg å handtere dei økonomiske utfordringane. 

Problemet som me ikkje klarar å løyse er demografien, som også bringer inn eit nytt element i helsesektoren – yngreomsorga. Det blir konstant mangel på arbeidskraft og me har det høgaste sjukefråveret i Europa. 

Tre framtidsscenario

Moe drog fram tre ulike scenario for Bømlo kommune i 2040, og understreka at dette berre er 16 år fram i tid. Scenario ein er Samanbrot. Ingen vil der, men det betyr at Staten tar over kommunal styring og fleire oppgåver går til statleg og regionalt nivå. Sakt-Sakte scenarioet er at ein gjer små tilpassingar i drifta, med små endringar i økonomi og tenester, år for år. Det tredje er Tenkje langt – handla no.

- Kva vil skje, spurte Moe. Det handlar kanskje først og fremst om politisk vilje og handlekraft. Kva som er mest sannsynleg veit eg ikkje, men eg tippar at 100 norske kommunar er på ROBEK-lista om 10 år. Er Bømlo kommune ein av dei?, spurte han.

- Store endringar må skje, og de har lita tid. Det ligg an til fleire strukturdebattar her. No må dei takast utifrå kva me får tilgang på av kvalifisert personell, ikkje kva me har råd til. Spørsmålet er kor stor omstillingsvilje det er politisk og i befolkninga i Bømlo for å ta desse viktige samtalane dei næraste åra, understreka Moe.

mann held føredrag - Klikk for stort bileteOrdførar Morten Helland takka Håvard Moe for eit godt og tankevekkande føredrag. Simon Knutsson Sortland

- Mange ulike grep må takast

Ordførar Morten Helland takka for eit godt, tankjevekkande, provoserande og humoristisk poengtert føredrag.

- Det norske demokratiet har ført oss til verdas beste velferdsstat, men det kan ikkje bli ei sovepute inn i framtida. Det kan verta vanskelege prioriteringar, som nok også kan smerte. Men det er avgjerande for Bømlo at me gjer det me må for å sikra gode tenester inn i framtida, avrunda ordførar Helland.

Til toppen