Dialogmøte for samarbeid

- Klart me har utfordringar, men me har også veldig mykje som er gøy og som bind oss saman her i Bømlo. Det understreka kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter under det årlege dialogmøtet med lag og organisasjonar i kommunestyresalen torsdag kveld.

kvinne på talarstol med presentasjon - Klikk for stort bileteLene Waage i Folk på Bømlo orienterte om arrangementet 31. mai 2026 og deira organisasjon. Simon Knutsson Sortland

Rådgjevar folkehelse og frivilligheit Johanne Kristiansen orieterte om agendaen for det to timar lange møtet der representantar for grendeutval, idrettslag, historielag, kvinne- og familielag, pensjonistforbund, frivilligsentral, musikk og kulturliv, trafikk og miljøvern med fleire var representert.

Først ut var Lene Borgen Waage frå Folk på Bømlo. I år er arrangementet søndag 31. mai. Det er heilt gratis å delta. Alle lag og organisasjonar i kommunen vert inviterte og det plar vere 40-50 som deltek. Det er gratis for både publikum og utstillarar.

- Me vonar at allsang  på Kyrkjebakkjen vert ein tradisjon, og også i år er det Storavatnet rundt denne dagen. Zipline og underhaldning vert det sjølvsagt også. Litt kjekt er det at me no også har fått midlar til ein foodtruck lag og organisasjonar kan søkja om å få låna, opplyste Borgen Waage. Ho rosa samarbeidet med Bømlo frivilligsentral og BUA.

Positiv energi

Bømlo kommune har fem delsentra i Langevåg, Finnås, Moster, Rubbestadneset og Svortland. Det er 12 grendeutval og over 230 ulike lag og organisasjonar. 

man på talarstol med presentasjon - Klikk for stort bileteKommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter framheva kva me i Bømlo er gode på, og kva utfoirdringar me får framover. Simon Knutsson Sortland

- Dette utgjer eit fantastisk tilbod som femnar om heile kommunen og der dei aller fleste finn noko som passar dei. Eg vil fokusera på den positive energien det er mellom delsentra våre og kva me får til når me går saman, samstundes som me ikkje skal underslå at dette tidvis er negativt. Som alle andre kommunar vil Bømlo framover møta kampen om arbeidskraft og behov for omstilling, og ikkje minst korleis få til ei framleis god fordeling, påpeika Aga Gjøsæter. 

Han var også innom den økonomiske stoda i kommunen, men understreka det positive i at me opplever folkevekst og har eit næringsliv som går godt. Det betyr at me saman er godt rusta til å møta framtida, og her skal det vere rom for konstruktive meiningsbrytningar.

869 og 32,6

Ordførar Morten Helland hadde to nøkkeltal han synte fram - 869 og 32, 6. Ingen i salen klarte å gjetta seg til kva tala stod for men det var altså 869 nye innbyggjarar i Bømlo kommune i 2025. Det er fødslar og tilflyttarar. Ordføraren synte også til folkeveksten på 166 personar der me ved utgangen av 2025 talde 12 531 innbyggjarar. Talet 32,6 er snittalderen på dei som flyttar til Bømlo.

- Sjølvsagt må arbeid og infrastruktur som bustad og skular vere på plass, men det er tilboda de i lag og organisasjonar tilbyr som får dei til å trivast her, seier ordføraren. Han er oppteken av korleis me skal få desse 869 til å trivast slik at dei vil halde fram med å bu og bidra til utviklinga av kommunen. Helland ynskjer også meir fokus på tilbod til dei yngre og korleis me legg til rette for dei, på lik linje med dei eldre.

kvinne med presentasjon frå talarstol - Klikk for stort bileteRådgjevar folkehelse og frivilligheit Johanne Kristiansen orienterte og leia gruppearbeidet på dialogmøtet i kommunestyresalen. Simon Knutsson Sortland

Korleis utvikle Bømlo-samfunnet?

Rådgjevar folkehelse og frivilligheit Johanne Kristiansen orienterte om aktivitetsportalen AFA - Aktivitet For Alle som no er lansert og byrjar bli teken meir og meir i bruk. - Me er avhengige av at de i laga og organisasjonane aktivt brukar portalen, understreka ho. De kan leggja inn aktivitetane og arrangementa dykkar, og her kan de oppdatewre informasjon om kontaktpersonar med meire. Det vil då og verte eit godt samarbeidsverkty.

Under siste del av møtet vart det diskutert kva som fungerer bra i lags- og organisasjonslivet i Bømlo, kva kan me bli betre på og kva treng dei hjelp til. Her kom det mellom anna fram ynskje om fleire fysiske møteplassar for å ønskja nye i bygdene velkomen, korleis samarbeida betre, framsnakka det positive, samt fleire møteplassar mellom kommunen og innbyggjarane. 

Ei oppmoding er også å lasta ned Bømlo kommune sin innbyggjarapp. Dette er ei personalisert utgåve av kommunen si nettside der du vel kva område du er interessert i og kva pushvarslar/meldingar du ynskjer tilsendt - til dømes driftsmeldingar.

møtesal med ein del folk - Klikk for stort bileteEit tjuetalsd personar deltok på dialogmøtet mellom lag og organisasjonar og kommunen. Simon Knutsson Sortland