Elevar frå både Gilje og Svortland skule stod for appell og kransenedlegging ved Bremnes kyrkje og Blia monumentet under markeringa av frigjerings- og veterandagen fredag.
Simon Knutsson Sortland
Ved minnesmerket ved Bremnes kyrkje heldt elevar frå 7. klasse ved Gilje skule appell. Der las dei også opp namna på falne frå Bremnes sokn under andre verdskrigen. Markeringa vart avslutta med eitt minutt stillheit. I appellen løfta elevane fram både historia og ansvaret for framtida.
– Fridomen me har i dag gir oss ikkje berre tryggleik. Han gir oss også moglegheiter og draumar, sa elevane. Dei peika også på kor viktig det er å hugsa historia og samtidig halda fast på håpet.
– Me håpar at krig ein gong tek slutt, og at ingen fleire barn skal måtta leva i frykt.
To minnesmerke, felles bodskap
Markeringa heldt fram ved Bliamonumentet. Her deltok elevar frå 5. trinn ved Svortland skule. Dei framførte diktet Til ungdommen av Nordahl Grieg før dei las opp namna som står på minnestøtta.Ved begge minnesmerka la deltakarane ned blomekransar. Elevar frå Bømlo musikkskule sette ei høgtideleg ramme rundt markeringa med musikk.
Heidra også veteranane
8. mai er både frigjeringsdag og nasjonal veterandag. Dagen heidrar alle som har gjort teneste for Noreg i krig og internasjonale operasjonar. Dette var også ein viktig del av markeringa.
Ordførar Morten Helland peika på kor viktig det er å ta vare på fellesskapet og demokratiet.
– Me må halda fram med å snakka saman, også når me er usamde. Når me sluttar å møtast og snakka i lag, kan me risikera å mista noko av det mest dyrebare me har, nemleg tilliten mellom oss. Han understreka at verken fridom eller demokrati kan takast for gitt.
Fridomen er ikkje sjølvsagt
Marius Økland frå Heimevernet retta helsinga si særleg mot dei unge. Han tok utgangspunkt i kvardagslege ting mange gjer utan å tenkja over det.
– Når me går ut og gjer heilt vanlege ting, som å spela, snakka og le, då er me frie. Slik var det ikkje under okkupasjonen. Økland minna om at fridomen i dag er eit resultat av kamp og offer.
– Fridomen er ikkje gratis. Nokon har betalt ein høg pris for at me skal kunna leva fritt.
Ei markering for framtida
Elevane understreka i appellane at 8. mai ikkje berre handlar om fortida.
– For oss unge betyr 8. mai at alle menneske er like mykje verdt. Me må læra av historia, slik at framtida kan bli god.
I Bømlo-nytt kan du lesa om markeringa på Svortland og Moster.
Sjå også: Markerar nasjonal frigjerings- og veterandag 8. mai
(Tekst: Henta frå artikkel i Bømlo-nytt)