Er du førebudd på å klara deg i sju dagar?

Straum, vatn og forsyningar kan svikta. Med nokre enkle førebuingar kan du og familien din klara dykk sjølve i minst sju dagar.

stand for eigenberedskap - Klikk for stort bileteStands som syner kva du treng i ditt eigenberedskapslager. Simon Knutsson Sortland

Start med å skaffa deg ein beredskapsvenn. De kan dela utstyr, hjelpa kvarandre og finna gode løysingar saman.

Dette bør du ha heime:

  • drikkevatn på kanner, minst tre liter per person per dag
  • mat som toler romtemperatur, til dømes hermetikk, pasta, ris og havregryn
  • kokeapparat og grovt salt 
  • ved eller ei avtale med nokon som har vedomn eller gassomn
  • lommelykt, stearinlys og fyrstikker
  • medisinar, førstehjelpsutstyr og hygieneartiklar
  • mat til husdyr
  • kontantar og fleire betalingskort
  • DAB-radio med batteri, sveiv eller solceller
  • viktige telefonnummer på papir


Bur du i leilegheit, kan du laga eit enkelt toalett med ein plastpose i ei bøtte.

Dersom bustaden blir kald, kan du byggja eit lite «telt» av tepper for å halda betre på varmen.

På døra veke 43 (PDF, 274 kB)

Kontaktinformasjon Bømlo kommune:

Elisabeth Holme Knutsen - rådgjevar kultur og idrett - Mobil 911 65 377
Johanne Kristiansen - rådgjevar folkehelse og frivilligheit - Mobil 453 82 642

Kontakt oss om du vil reservere deg mot å motta dette informasjonsskrivet.
E-post: postmottak@bomlo.kommune.no
Telefon: 53 42 30 00

aktivitetskalender - Klikk for stort bileteAktivitetskalender 26.10-1.11.2026.

Om prosjektet På døra

Tema i veke 43 i informasjonsskrivet På døra er Eigenberedskapsveka. På døra vert av postboda send ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på. I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar.