Mange saker i lokalavisa frå PwC-rapporten.Innkalling og protokoll kommunestyremøte 08.06.2026
Sjå PwC-presentasjonen live
Kommunestyret vedtok 8. desember 2025 i sitt budsjettvedtak 2026 mellom anna at det vert gjort ein ekstern revisjon av drifta vår i tre trinn. Dei er ei overordna kartlegging og identifisering av områder for meir undersøking, sjå meir på utvalgte områder etter fase 1 og saman med arbeid med tiltakspakke gjera prioritering og leggja plan for iverksetjing av tiltak. Dei peika mellom anna på desse områda som særleg interessante:
• Habiliteringstenester –organisering og nattevaktressursar
• Nivå på og organisering av førebuande tenester for barn og unge
• Tenestenivå innan helse og omsorg
• Organisering av heimebaserte tenester
• Legetenesta
• Moglegheit for administrativ samdrift mellom skular
PwC vann anbodskonkurransen og orienterer kommunestyret om sin rapport og framlegg til tiltak i dette kommunestyremøtet. Dette er også opptakten til den opne budsjettkonferansen for kommunestyret og politiske råd 22. juni.
Her vil PwC presentera hovudfunn og overordna analyse, Statsforvaltaren orienterer om kommunen si økonomiske situasjon som ROBEK-registrert og kommunedirektøren presenterer skisse til budsjett 2027. Denne konferansen er ein arena for orientering og drøfting, ikkje for vedtak. Det vert kommunestyremøte rett etter konferansen.
Innkalling og protokoll kommunestyremøte 22.06.2026 (når klar)
Barnevern og utbyggingsavtalar
Av andre saker som kjem opp er vurdering av å ta det interkommunale barnevernet tilbake i eigen regi, prinsippvedtak utbyggingsavtalar (forutsigbarheitsvedtak), Planprogram for strategi for næringspolitikk 2026-2030, og å sende ut på høyring endring i Forskrift om vass- og avløpsavgifter i Bømlo kommune.