Ekstern gjennomgang kommunal drift i Bømlo

Bømlo kommune har fått gjennomført ein ekstern gjennomgang av kommunal drift. Rapporten frå konsulentselskapet PwC gir eit kunnskapsgrunnlag for vidare politisk arbeid, men inneheld ingen vedtak og er ikkje ei bestilling av konkrete kutt.

Kommunestyret bestilte ein ekstern gjennomgang for å få ei felles forståing av utfordringane kommunen står i, og for å få betre grunnlag for berekraftige løysingar over tid. Til å sikra politisk forankring av mandat og hovudretning er det ei politisk styringsgruppe ved ordførar Morten Helland (KrF) og formannskapsmedlemane Frode Urangsæter (FrP) og Mari Pedersen Totland (Ap). 

PwC sitt oppdrag var å gjennomføra ei ekstern og uavhengig revisjon av Bømlo kommune si drift med føremål å identifisera innsparingstiltak som skal komplementere andre tiltak kommunen allereie jobbar med. PwC kjem med sine vurderingar og forslag i rapporten, men eventuelle endringar kan berre gjennomførast etter politisk behandling og vedtak.

PwC orientering formannskapet 16.04.2026 (PDF, 407 kB)

Tinga av kommunestyret

Kommunestyret sitt budsjettvedtak 2026 - 
vedteke 8. desember 2025

«Kommunestyret ber om at det vert gjort ein ekstern revisjon av drifta vår. Den bør vera i tre trinn:
1. Overordna kartlegging og identifisering av områder for meir undersøking
2. Sjå meir på utvalgte områder etter fase 1 (sjå også liste nedanfor)
3. Saman med arbeid med tiltakspakke gjera prioritering og leggja plan for iverksetjing av tiltak.
Kommunestyret ser at det kan vera spesielt interessant å sjå på desse områda (lista er ikkje uttømmande):
• Habiliteringstenester –organisering og nattevaktressursar
• Nivå på og organisering av førebuande tenester for barn og unge
• Tenestenivå innan helse og omsorg
• Organisering av heimebaserte tenester
• Legetenesta
• Moglegheit for administrativ samdrift mellom skular»

I budsjettarbeidet for 2026 vedtok kommunestyret å bestille ein ekstern og uavhengig gjennomgang av kommunal drift. Etter ein anbodsrunde gav kommunen oppdraget til konsulentselskapet PwC.

Kommunestyret ønskte å få:
• eit oppdatert og samla faktagrunnlag
• ei uavhengig vurdering av økonomi, struktur og organisering
• betre grunnlag for politiske prioriteringar i ei krevjande økonomisk tid

Målet har heile tida vore å få kunnskap og oversikt, ikkje å landa ferdige konklusjonar eller vedtak.

Kva rapporten er og ikkje er

Rapporten er:

  • eit kunnskapsgrunnlag
  • ei ekstern og uavhengig vurdering
  • støtte til vidare politisk drøfting


Rapporten er ikkje:

  • eit vedtak
  • ei bestilling av kutt
  • ei avgjerd om konkrete tiltak

Slik bruker kommunen rapporten vidare

PwC-rapport ekstern gjennomgang kommunal drift (Publiseres kl. 15.00 onsdag 6.5.26)

Administrasjonen skal bruka rapporten som eitt av fleire grunnlag i arbeidet med budsjett og økonomiplan. Når moglege alternativ vert  vurdert vil me i tillegg til økonomi også vurdera konsekvensar for tenestekvalitet, organisering og arbeidsmåtar, samt verknadar for lokalsamfunn og innbyggarar. 

Behov for endringar og tiltak som vert peika på i rapporten skal eventuelt først utgreiast før politisk behandling og vedtak i kommunestyret.

Les også Ekstern gjennomgang av drifta i Bømlo kommune

Tidslinje PwC-rapport og budsjettprosess 2026

Her finn du bakgrunn for gjennomgangen, ei oversiktleg tidslinje og informasjon om vegen vidare. Me oppdaterer sida når kommunen legg opp til politisk behandling og nye steg i arbeidet.

8. desember 2025 - Kommunestyrevedtak

Kommunestyret sitt budsjettvedtak 2026, vedteke 8. desember 2025

«Kommunestyret ber om at det vert gjort ein ekstern revisjon av drifta vår. Den bør vera i tre trinn:
1. Overordna kartlegging og identifisering av områder for meir undersøking
2. Sjå meir på utvalgte områder etter fase 1 (sjå også liste nedanfor)
3. Saman med arbeid med tiltakspakke gjera prioritering og leggja plan for iverksetjing av tiltak.
Kommunestyret ser at det kan vera spesielt interessant å sjå på desse områda (lista er ikkje uttømmande):
• Habiliteringstenester –organisering og nattevaktressursar
• Nivå på og organisering av førebuande tenester for barn og unge
• Tenestenivå innan helse og omsorg
• Organisering av heimebaserte tenester
• Legetenesta
• Moglegheit for administrativ samdrift mellom skular»

Januar - februar 2026

Anbodsprosess i kommunen. PWC blir tildelt oppdrag.  

PWC gjennomfører revisjonen, hentar inn informasjon og har intervju med kommunen.  

Føremålet er å identifisera innsparingstiltak som skal komplementere andre tiltak kommunen allereie jobbar med. Gjennomfører analysar, intervju og samanlikningar innanfor mandatet frå kommunestyret.

 

16. april - PwC orienterer formannskapet

Informasjon om prosess og tidslinje for vidare arbeid.  

Orientering til formannskapet 16. april

29. april - Levering av rapport

PwC leverer rapport til Bømlo kommune.

Administrasjonen går gjennom rapporten og gir sine tilbakemeldingar til PwC.

30. april - frist for gjennomgang førsteutkast av rapporten

PWC sender utkast til rapport til den administrative prosjektgruppa for retting av feil og eventuelle misforståingar.  

Administrasjonen går gjennom rapporten og gir sine tilbakemeldingar på evt faktafeil og misforståingar til PwC. Frist 30. april.

6. mai - Offentleggjering av rapporten

Rapporten blir offentleggjort.

Sak publiserast på kommunen si heimeside.

8. juni - PWC orienterer kommunestyret

PWC orienterer kommunestyret om rapport og framlegg til tiltak – i det ordinære kommunestyremøte. 

Opptakt til budsjettkonferansen.  

22. juni - Budsjettkonferanse

Open budsjettkonferanse for kommunestyret og politiske råd:

  • PwC presenterer hovudfunn og overordna analyse
  • Statsforvaltaren orienterer om kommunen si økonomiske situasjon som ROBEK-registrert
  • Kommunedirektøren presenterer skisse til budsjett 2027

Konferansen er ein arena for orientering og drøfting, ikkje for vedtak.

26. oktober - Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg 2027

Kommunedirektøren presenterer budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030 for kommunestyret

 

14. desember - Budsjettmøte i kommunestyret

Kommunestyret handsamar og gjer vedtak for budsjettet 2027 og økonomiplan 2027-2030