Kjøkenleiar Ann Mari Mikalsen ved Bømlo bu og helsesenter (BBH) takka alle involverte, helsa velkomen og gratulerte brukarar, tilsette og gjester med nytt kjøken. Til venstre verksemdsleiar teknisk drift Vardan Vardanyan, verksemdsleiar Monica Smedsrud BBH og Teigladshagen og kokk Olivier Maxime Gane.
Simon Knutsson Sortland
Bømlo kommune opna offisielt det nye storkjøkenet ved Bømlo bu- og helsesenter 4. juni. Kjøkenet skal sikra god og næringsrik mat til både bebuarar og innbyggjarar i åra som kjem. – Dette er ikkje berre eit kjøken. Det er ei investering i kvalitet, verdigheit og trygg mat til brukarane våre, sa kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter i sin helsingstale.
Lang veg fram til opning
Han fortalte kort om historien der arbeidet med det nye kjøkenet starta i 2018. Før vedtaket kom, var det politisk diskusjon om kommunen skulle bruka så mykje pengar på prosjektet.
– Det vart stilt spørsmål om ein skulle bruka rundt 20 millionar kroner på eit kjøken. Når me ser kva me har fått i dag, er det tydeleg at dette handlar om mykje meir enn det. Me stettar lovkrava frå Mattilsynet og er rigga for framtida, seier kommunedirektøren.
Det nye kjøkenet med mellom anna nytt ventilasjonsanlegg gir betre arbeidsforhold, moderne løysingar og kapasitet til å laga opp mot 300 måltid kvar dag. Aga Gjøsæter løfta òg fram dei tilsette si rolle i prosessen.
– Behovet vart løfta fram av de som jobbar i tenesta og hovudverneombodet. Det var eit sterkt signal som gjorde at investeringa vart prioritert, understreka kommunedirektøren.
Les: Kransaskål for nytt produksjonslokale
Takk til dei som fekk det til
Politikarar, administrasjon og andre tilsette fekk omvising i det nye storkjøkenet ved BBH under den offisielle opninga nyleg.
Simon Knutsson Sortland
Kjøkenleiar Ann Mari Mikalsen retta ei stor takk til politikarane og alle involverte som har gjort dette prosjektet mogleg. Særleg teknisk drift ved verksemdleiar Vardan Vardanyan og driftsleiar bygningsvedlikehald Jens Helge Habbestad i spissen, og Joan Hansen og gjengen på Basen som har gjort ein stor jobb med flytting. Dei står framleis på kvar dag.
– Ein ekstra ros til den flotte gjengen min. Me hadde aldri fått dette til utan dykk, understreka Mikalsen. Ho takka òg verksemdsleiar Monica Smedsrud for all støtta undervegs.
Ein draum som er blitt verkeleg
– Ved Bømlo bu- og helsesenter har nytt kjøken vore ønskt i mange år, så dette er ein milepæl for oss. Me har fått eit moderne og funksjonelt kjøken som gjer kvardagen enklare for dei tilsette og betre for brukarane, seier verksemdsleiar Monica Smedsrud.
Kjøkenet lagar no rundt 170 måltid kvar dag og leverer til avdelingane, kantina og til innbyggjarar som får middagslevering. Eit lokalt kjøken gir kort veg, tett samarbeid og gode moglegheiter for å sikra god ernæring.
– God ernæring er heilt avgjerande for helse, livskvalitet og funksjonsevne, særleg for eldre. Med dette kjøkenet står me betre rusta til å møta behova i framtida, påpeika Smedsrud.
Det nye kjøkenet opna 10. april etter ein krevjande ombyggingsperiode som har påverka både drift og avdelingar. Innsatsen frå tilsette og støttefunksjonar har vore avgjerande for å lukkast. Hovudentreprenør er Engevik & Tislevoll AS.
– No har vi fått eit framtidsretta kjøken som gjer arbeidskvardagen enklare. Dette er ei viktig investering for framtida, og eg vil takka alle som har bidrege frå planlegging til ferdig resultat, helsa verksemdsleiar Monica Smedsrud.
Viktig for heile kommunen
Ordførar Morten Helland held ei lita helsing før den offisielle snorklippinga. – Dette er ei investering me gjer for framtida til bømlingane. Det er viktig at me kan produsera maten lokalt og sikra fersk og næringsrik mat til innbyggjarane våre, helsa ordføraren.
Han var nøgd med både resultatet og ikkje minst at dei politisk tok denne avgjerda. Ordføraren la til at dette viser kva me får til når me samarbeider godt.
Fakta om prosjektet
Totalentreprise: Engevik & Tislevoll AS
- Prosjektering: Omega 365 Protek
- Lås og beslag: Lockit AS
- Elektro: Moster Elektro AS
- Ventilasjon: LS. Solland AS
- Rør: VB Rør & Handverk Service AS
- Storkjøkken: Metos AS
- Gulv- og malerarbeid: Malerfirma O. Kjelsnes AS
- Fryse- og kjøleromselementer: Svalinn AS
- Frys- og kjøleanlegg: Winntech AS
- Murararbeid: Engevik Byggsenter AS
- Solskjerming: Fasadeprodukter AS
- Omfang: Om lag 350 m² blir totalrenovert
- Tiltak: Nytt ventilasjonsanlegg med kjølefunksjon, golvvarme, nye toalett, møterom, tilgjengeleg garderobe og feittutskiljar. Tiltaket omfattar strukturelle endringar som riving, takheving og total fornying av tekniske anlegg og overflater for å tilfredsstille krav i arbeidsmiljølova.
- Kontraktsverdi: Ca. 16,7 mill. kroner
- Mål: Tryggare og meir framtidsretta matproduksjon, betre arbeidsmiljø og kapasitet til auka behov.
Kort historikk:
• Prosjektet for ombygging og oppgradering av kjøkkenet ved Bømlo sjukeheim har vore planlagt sidan 2018.
• Mattilsynet har ved tilsyn avdekt alvorlege manglar for kjøkenet.
• Dagens kjøken har ein kapasitet på ca. 150 middagar per dag. Det må byggjast eit nytt kjøkken med tilstrekkeleg areal og kapasitet og tilretteleggjast for mogleg overgang til kok-og-kjøl-produksjon for betre ressursutnytting.
• Kjøkenet har dårleg ventilasjon, låg takhøgd og uhensiktsmessig romstruktur som påverkar ergonomien og arbeidsmiljøet negativt.