Ivar Ingvaldsen frå Wärtsilä og Jacob Særsten frå LOS Gruppen presenterte framtidsvyene for industriklynga i Rubbestadneset i formannskapet.
Simon Knutsson Sortland
- Her er eit ferdig regulert industriområde på 110 mål og saman kan me tilby ei komplett maritim portefølje. Me står me dermed godt rusta i kampen om å få kontraktar i samband med Sjøforsvaret si store utbygging av 28 standardfarty framover, sa sales manager Ivar Ingvaldsen i Wärtsilä Norway til Bømlo formannskap sist torsdag.
Sjå video om planane i Rubbestadneset
Saman med eigar og leiar Jacob Særsten i LOS gruppen orienterte dei om planlagde investeringar for opp mot ein milliard kroner, der ein tørrdokk åleine vil kome på omlag 360 millionar kroner.
- Me har alltid teke eit stort samfunnsansvar og ynskjer å gjere det dei neste 120 åra framover også, understreka adm. dir Jacob Særsten. LOS gruppen har i dag kring 700 tilsette fordelt på ni selskap og reknar med å nå opp mot to milliuardar i omsetnad i år.
Begge to understreka at det handlar om å sjå den totale verdiskapinga i samanheng, skapa nye arbeidsplassar for etterkomarane våre og ta vare på den unike kompetansen me har samla i Rubbestadneset.
Les intervjuet i Maritimt forum
Formannskapsmedlemane likte veldig godt det dei fekk presentert, og lova å gjere sitt for å framsnakka prosjektet inn mot sine politikarkollegaer på Stortinget og i fylket. Dei tok også for seg status og vidare arbeid med planvask av KPA (kommuneplanen sin arealdel) og oppstart av arbeidet med ny eigarskapsmelding om korleis kommunen skal arbeida med selskapa våre.
Saksinnkalling og protokoll frå formannskapsmøtet 29.01.2026
Synfaring hos BVA i Åreiddalen
Utval for og samferdsel på synfaring i anlegget til BVA i Åreiddalen og får orientering av driftsleiar Odd Petter Habbestad (midten).
Simon Knutsson Sortland
Utval for areal og samferdsle hadde med seg kommunalsjef for samfunnsutvikling Tone Stavland og fleire saksbehandlarar på synfaring på det nye anlegget til BVA i Åreiddalen. Her fekk dei ei grundig orientering om sjølve prosjektet og framtidsplanane av driftsleiar Odd Petter Habbestad og dagleg leiar Arne Bjelland i BVA AS.
Saksinnkalling og møteprotokoll Utval for areal og samferdsle 28.01.2026
Prosjektet “Nye mønster - trygg oppvekst” vart presentert og skulefagleg rådgjevar Kristine Sætre orienterte om tilstandsrapporten for grunnskulen i Bømlo i Utval for levekår.
Les meir om Nye mønster
Saksinnkalling og møteprotokoll Utval for levekår 27.01.2026
Saksinnkalling og møteprotokoll Bømlo ungdomsråd 19.01.2026
Utval for og samferdsel saman med tilsette frå seksjon samfunnsutvikling på synfaring i anlegget til BVA i Åreiddalen.
Simon Knutsson Sortland