Økonomisjef Sindre Anders Halvorsen (t.v) heldt økonomiurapportering saman med kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter i formannskapet.
Simon Knutsson Sortland
Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter hadde med seg nytilsett økonomisjef Sindre Anders Halvorsen for å orientera formannskapet om kommunen si økonomiske situasjon. Utfordrande likviditet, premieavvik, Havbruksfond og sjukefråver var blant tema i orienteringa.
Formannskapsmøte 21.05.2026
- To nye almennlegespesialistar frå Kroatia og Tyskland har no signert tilsetjing i Bømlo kommune med plan om oppstart etter fullført språkprøve i oktober 2026. Det er då tilsett legar med fast tilsetjing i alle stillingane i Bømlo kommune, kunne ein nøgd kommunedirektør fortelja.
Vidare vart det opplyst at det per i dag er det sju stillingar utlyst i kommunen. Alle er erstatningsstillingar nødvendig for å fylla for den kommunale drifta med to i helse og fem i skule for skuleåret 2026/2027.
Vidare arbeid med PwC-rapporten
Ordførar Morten Helland la fram føremål og framdriftsplan i arbeidet med PwC-rapporten. Føremålet er å sikra politisk involvering og prioritering av tiltak frå PwC-rapporten. Før budsjettet skal ferdigstillast 26. oktober skal kommunen ha avklart kva tiltak skal inn i 2027-budsjettet, kva skal utsetjast til seinare og kva tiltak skal ikkje prioriterast.
- Det er viktig å sikra forankring, understreka han. Fleire formannskapsmedlemer presiserte kor viktig det var å kome i gang med arbeidet raskast råd.
Ordfdørar Morten Helland orienterte om vidare framdrift med PwC-rapporten.
Simon Knutsson Sortland
Undervegsvedtak for KPA
Formannskapet vedtok samrøystes å gjere Undervegsvedtak til revidering av kommuneplanen sin arealdel (KPA) med godkjenning av planvask, konsekvensutgreiing og revidert byggjegrensemetode.
Vedtaket: Formannskapet godkjenner administrasjonen sitt forslag, med endringane føreslått av arbeidsgruppa, til planvask av «Årstallsplanane» og konsekvensutgreiing. Formannskapet ber administrasjonen ha dialog med politisk arbeidsgruppa for KPA om byggjegrense før 2. gongs høyring i kommuneplanen arealdel. Det er eit ønskje om at ein nyttar arbeidet i 1.gongs høyring som grunnlag.
Kommunalsjef samfunnsutvikling Tone Stavland informerte om planlagde informasjonstiltak i samband med utlegging av 2. gongs høyring av kommuneplanen sin arealdel planlagd 3. september.
Brannberedskap på Espevær
Kommunedirektøren påpeika i si orientering om beredskapen på øysamfunnet Espevær er vurdert i samband med evalueringa og handteringa av brannen 15.april. Fram til no har med hatt 8 konstablar med tilhøyrande terminalar og depot. Det har vore krevjande å kurse, trene og halde utstyr i depot oppdatert, og dermed halde beredskapen og førebygginga på ønska nivå. Dette gav seg m.a utslag i tilsynet frå DSB.
Framover vil dei faste konstablane levere inn terminal. Dagens konstablar vil inngå i ei gruppe innbyggjarar som har ansvar for depot, få tilfredsstillande ordning for kommunikasjon ved oppdrag (nødnett), i tillegg til at det blir etablert ei meir tilfredsstillande løysing for trening. Brannkonstablane vil fungere som depotpersonell. Utkallingsordninga vil bli basert på eit UMS (mobil) system mykje godt lik den Stord har for Huglo som inneber at personell blir kompensert og forsikra ved oppdrag.
Beredskapen blir med dette opprettholdt, talet på faste tilsette som inngår i avviket til DSB på fast personell som treng kurs går ned, og me får økonomisk handlingsrom til kurs og trening av personell som inngår i den faste brannberedskapsordninga. - Ei god løysing for øy, teneste, beredskap og økonomi, og ikkje minst for Bømlo brann og redning. Den varsla saka om endringar i Brann og redning til hausten går ut, seier kommunedirektøren.
Etter formannskapsmøte var det eigarmøte for BVA og orientering med synfaring i Viergo før ny leiar trer til.
Synfaring og lunsj for formannskapet i det nyrenoverte kjøkkenet i Bømlo bu- og helsesenter vert i forkant av neste møte 4. juni.
Bedriftsbesøk hos Fremskridt laks
Bømlo formannskap vitja Fremskridt Laks torsdag 21. mai.
Simon Knutsson Sortland
Fremskridt Laks ved dagleg leiar Torleif Stokke var vertskap for Bømlo formannskap torsdag før det politiske møtet på rådhuset torsdag føremiddag
- Formannskapet har denne våren hatt fokus på å bli kjent med bedrifter og næringar i kommunen. I dag er det akvakultur og ein av våre lokale aktørar i ei viktig næring for kommunen, opna ordførar Morten Helland.
- Det er kjekt og nyttig for oss å få møte formannskapet for å fortelje om vår drift, utfordringar og tankar framover, takka Stokke.
Han drog historia frå 1915 med danninga av Handelsforeningen Fremskridt via oppkjøpet, start av oppdrett med regnbogeaure på 60-talet og laks på 70-talet til investeringar i Hardingsmolt og brønnbåtreiarlaget Hordalaks dei seinare åra.
- Eg er optimistisk på vegne av bransjen si framtid, men me må paras beina nasjonalt og ha eit regime som tillet oss å halda på våre fortrinn med innovasjon og eksport, for dei andre konkurrentlanda våre står ikkje stille. Små oppdrettsselskap som vårt har sine særeigne utfordringar, men me gjer investeringar for å rigga oss for framtida, seier Stokke.
Formannskapsmedlemene var godt nøgde med presentasjonen og dei var innom politiske bilete både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.