Kommunen bestiller vaksinar til befolkninga fra Folkehelseinstituttet. I år varslar Folkehelseinstituttet at forsyninga til Noreg er forseinka, og dermed kjem influensavaksinane til kommunen fem veker seinare enn vanleg.
Oppmodar til å avgrensa smitte
- Vaksinene kjem til kommunen fem veker seinare enn vi er vant til. Dette betyr at vi må vaksinere over eit kort tidsrom når vi først får vaksinene for å klare å beskytte befolkninga, seier kommuneoverlege Anne Marit Særsten Halvorsen.
Normalt topper influensasesongen seg rundt juletider, men det er allereie meldt om eit par enkelttilfelle i kommunen. Influensa kan gjere julehøgtida vanskeleg, og for nokre kan sjukdommen få alvorlege følgjer.
Kommunen oppmodar alle til å bidra til å avgrense smitte, særleg av omsyn til dei som har størst risiko for å bli alvorleg sjuke. Det er personar over 65 år og personar med ulike underliggjande sjukdommar som har størst risiko for alvorleg forløp av sjukdommen. Kvart år døyr om i snitt 900 menneske av influensa i Noreg, men influensa kan også skade utan eit så alvorleg utfall.
Ei kraftig influensa kan svekkje helsa og føre til at ein vert meir hjelpetrengande enn før. Dette bør vi gjere alt vi kan for å unngå. Det er difor nyttig å gjere det ein kan for å unngå sjukdom.
- Erfaring frå pandemien er at å følge smittevernråd verkeleg har effekt på å begrense sjukdom. Eg anbefaler difor alle å børste støv av smittevernråda og å gjere grep for å begrense smitte, oppmodar kommuneoverlegen.
Dette er smittevernråda:
Følg smittevernsråda, som til dømes å hoste inn i olbogekroken. (Illustrasjonsfoto).
Jeanette Fjelland
- Unngå unødvendig nærkontakt med personar i risikogrupper viss du har luftvegssymptom.
- Ha gode hostevanar. Host i papirlommetørkle eller i olbogekroken.
- Ha god handhygiene. Såpe og vatn er førstevalet, men handdesinfeksjon er eit godt alternativ.
- Vask hendene før matlaging og måltid, etter toalettbesøk og etter kontakt med kroppsvæsker, til dømes når du har pussa nasa eller hosta i hendene.
- Vask òg hendene etter kontakt med sjuke, og etter at du har teke på kontaktpunkt på stader der mange går.
- Har du luftvegssymptom, kan munnbind og/eller avstand beskytte andre.
- Luftvegsinfeksjonar smittar lettare innandørs. Regelmessig gjennomlufting kan bidra til å redusere smitte.
- Ta anbefalte vaksinar når desse vert tilgjengelig.
Bebuarar på sjukeheim får ei anna type vaksine enn resten av befolkninga. Denne vaksina har vi begynt å dele ut denne veka. Vi oppfordrer likevel besøkande på institusjon å vere ekstra merksam på smittevernråda over. Helsepersonell får heller ikkje vaksinar før i veke 47, og dersom mange pasientar og helsepersonell vert sjuke samstundes, kan det bli krevjande for helse- og omsorgstenestene.
MERK: Datoar og informasjon om massevaksinering kjem i eigen artikkel.
Sjå også artikkel: Årets vaksinering startar seinare og flyttar til Foldrøy skule