Gode søkjartal til byggesak

Det er 20 søkjarar til to stillingar på byggesak og seksjon samfunnsutvikling jobbar med oppfølging av interpellasjonen frå kommunestyret om drifta. 

politisk møte med folk rundt bord - Klikk for stort bileteUtval for areal og samferdsle fekk demonstrert portalen Kommunekart av avdelingsleiar Lise Notland og kommunalsjef Tone Stavland i seksjon samfunnsutvikling. Simon Knutsson Sortland

Kommunalsjef Tone Stavland for Seksjon samfunnsutvikling orienterte utval for areal og samferdsel om at dei no jobbar med tilsetjingar i to stillingar på byggesak. Det er kome inn 20 søknadar. Det er gode søkjarar med relevant kompetanse og erfaring, samt ein del lokale kandidatar. Mellombels er det leigd inn ein saksbehandlar frå Rambøll fram til ut juni.

Det var også introduksjon av ny Barnas representant i utvalet som er SLT-koordinator John Henrik Staveland Sæter.

Følgjer opp 

Seksjonen har starta opp arbeidet med PwC i tråd med interpellasjonen i kommunestyret 23. mars. Naudsynt dokumentasjon er sendt inn, og ein ventar no på analysar som skal gi betre faktagrunnlag for vidare oppfølging.

Første utkast til økonomisk driftsrapport  kom 20. mai, med vidare gjennomgang hos leiarane før saka går til gruppeleiarane.

Omsorg pluss-bustadar ute på anbod

På investeringssida er det søkt Enova om støtte til planlegging ved Våge skule. Prosjektet med omsorg pluss-bustader ved Bømlo bu- og helsesenter er lyst ut på anbod, med økonomisk ramme på 17 millionar kroner og venta tilskot frå Husbanken. Det er òg behov for betre kontorløysing for barne- og familietenesta.

Vidare arbeider kommunen med ein samarbeidsavtale med Langevåg i vekst om utvikling av Bømlo omsorgstun. Det er også laga forslag til mal for dispensasjonssaker. Søknad om ny avløpsløysing ved mottaket på Rubbestadneset blir prioritert før mellombels løyve går ut 15. september.

Avdelingsleiar Lise Notland demonstrerte kartløysinga Kommunekart for utvalet, og det vart kommentert som eit nyttig verkty.

Møte i Utval for areal og samferdsle hadde oppe fleire klagesaker om avslag, mellom anna på dispensasjonssøknadar om utbygging av aktivitetsanlegg ved Krokavatnet og oppføring av bustad i LNF-område. Sonja Hellen Sele (H) fekk svar på spørsmål vedkomande bruk av rorbuer til fast bustad. Karsten Fylkesnes (KrF) fekk svar på spørsmål om Stokknespøyla naustområde og status. Christer Agasøster (H) hadde stilt spørsmål om trafikksikringsplan Tverråno og Alvsvåg.

KPA-planarbeid

Arbeidet med kommuneplanen sin arealdel (KPA) har som mål å få vedteke 2. gongs offentleg høyringsrunde i formannskapsmøtet 3. september. Eit av dei viktigaste temaa fram mot 2. gongs høyring er arbeidet med planvask. Dei viktigaste tema i planvaskarbeidet er opprydding av føremål i planen, over 1000 i talet, og gjennomgang av 267 reguleringsplanar. Kva skal leggjast inn, kva skal vidareførast, kva skal endrast og kva skal forkastast. 

Forutan planvasken skal det også være ein gjennomgang av føreslått byggjegrense, føresegner og føremål med meir etter merknadane som kom inn i 1. høyringa.  

Det er viktig å merka seg at kommuneplanen sine arealføremål ikkje er pålagt å verte varsla direkte til råka partar slik som i reguleringsplanar, men handtert gjennom open høyring og offentleg ettersyn. Det er planlagt opne informasjonsmøter i delsentra våre rundt  utlegginga til 2. gongs høyring, samt andre informasjonstiltak for å sikra best mogleg medverknad.

Les meir om KPA-arbeidet: Ny arealdel under arbeid