Grendeutvala vil samarbeida tettare

- Det er viktig å møtast og snakkast saman for å utveksle erfaringar, helsa ordførar Morten Helland då han opna det årlege dialogmøtet mellom grendautvala og kommunen nyleg. Samarbeidsmøter mellom dei ulike krinslaga og grendeutvala utanom dette årlege møtet er noko dei no ynskjer å satsa på.

sal med mange mennesker - Klikk for stort bileteDialogmøte grendeutval og kommunen 2024. Simon Knutsson Sortland

- Me har mange av dei same utfordringane, og å utveksla erfaringar kan vere nyttig, var konklusjonen frå dei frammøtte grendeutvala som var representerte på dialogmøtet i kommunestyresalen tysdag 16. april. Alle bygder og grender har sine sterke kvalitetar dei kan spela på, og har drahjelp av at Bømlo kommune faktisk har folkevekst. 

- Inkludering er viktig

Rådgjevar for folkehelse og frivilligheit Johanne Kristiansen er også kommunen sin kontaktperson for grendeutval og krinslag. Ho har sjølv kome attende til Bømlo etter å ha bodd vekke i 27 år.  Ho peika på at det viktigaste me kan gjere for tilflyttarane er å ta godt imot dei og å inkludera dei, noko som også vert understreka i Tilflyttarstrategien Bømlo Næringsråd har fått laga. - Målet er at Bømlo skal vere ein god plass å bu, og å flytta til, seier Kristiansen.

Dei ulike grendeutvala hadde så ein presentasjon av deira utfordringar og aktivitetar. 

- Det skjer mykje positivt i alle bygdene heile tida, konkluderte kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter. Initiativ, engasjement og dugnadsånda i bygdene er blant føresetnadane som gjer kommunen godt rusta for å kome oss ut av våre utfordingar framover på ein god måte. Han heldt eit kort innlegg om økonomisk berekraft i møte med store utfordringar som prisvekst og lovkrav. Han understreka at me har ikkje noko anna val enn å endra måten me løyser oppgåvene på då det framover vert færre yrkesaktive og fleire eldre. Men med framleis folkevekst, ein god infrastruktur, eit framgangsrikt og variert næringsliv så ser han positivt på framtida.

Flytt til Bømlo

Samfunnsplanleggjar Alf Helge Greaker og rådgjevar kultur Elisabeth Holme Grønnevik orienterte kort om kommunale planar. Greaker minna om høyringsfristen 1. mai for å kome med innspel til kommuneplanen sin arealdel. Holme Grønnevik bad om innspel særleg om friluftslivets ferdselsårer, som snarvegar og barnetråkk. Dette er viktige områder med tanke på arealdisponering og kommunale planar. 

Etter orienteringane var det gruppearbeid kring temaet korleis tar me imot dei nye som flyttar til bygdene våre.  Her kom det fram mange gode innspel, og ulike grendautval har faste ordningar for å ynskje nye innbyggjarar velkomen i bygda. Nokon av representantane i grendeutvala er sjølv tilflyttarar og kunne understreka kor viktig dette er.

Les også artikkelen Innspelsmøter i grendeutvala

Til toppen