Du kan påverka
Kommuneplanens arealdel er no på høyring. Du kan uttala deg skriftleg til forslaget som er på høyring, frist for å sende inn merknadar er 20.01.2027.
Du kan komme med dine merknadar her:
- Digitalt merknadsskjema
- Send epost - Merk med: Merknad KPA, gårdsnr./bruksnr.
- Per post til: Bømlo kommune, Arealbruk, Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 Bremnes - Merk med: Merknad KPA, gårdsnr./bruksnr.
I vurderinga av merknadane som kjem inn vil det først bli gjennomført ei siling og så ein meir detaljert vurdering av merknadane som kjem gjennom silinga.
Siling 1:
- Sile ut merknadane som er nye arealinnspel.
Siling 2:
- Sile ut merknadar til allereie vurderte innspel og merknadar, dersom merknaden ikkje har nye moment som ikkje er vurdert tidlegare.
Siling 3:
- Sile ut dersom eventuelle nye moment ikkje er av betydning for tidlegare vurdering.
- Sile ut merknadar dersom dei er i strid med motsegnene.
- Sile ut merknadar som ikkje kan bli imøtekomne, til dømes fordi det ikkje er opna for dette i lov og rettleiing til kommuneplanens arealdel, eller det vil føre til ny motsegn.